Nerheimstunet (foto: Svein Nord)

Nerheimstunet (foto: Svein Nord).

Nerheim

Tunet på Store Nerheim, br.nr.11, Ølen, vart testamentert av Anna Nerheim til Sunnhordland Museum i 1968. Bygdetunet vart formelt opna i 1984, etter ei omfattande restaurering.

Tuna på dei to bruka på Store Nerheim ligg i skifte med kvarandre. Midt i grenselina ligg eldhusa, som er felleseige, som eit skilje mellom bruka. Eldhuset er eigentleg to eldhus under same tak, med inngang frå kvart tun. Slike løysingar er uvanlege i Sunnhordland etter utskiftinga, og det får oss til å spekulera litt på om slikt hopehav representerer ein byggjeskikk som går langt attende i tid. Bustadhuset, ei lemstove, har fått si noverande form i andre halvdelen av 1800-talet. Det er to tømra stover, bygde saman om kjøkken og gang. Stovene har lem og er utvida i breidda med stavbygde kammers. Løa er ei stor stavløe med tømra flor. Her står det att ein grunnmur etter eit sauefjøs. Stabbur og skykkje har museet flytta til seinare, men dei er plasserte på opphavleg stad. Tunet har ei fin firkantform, med stova mot vest. Bygningane på Nerheim har sitt gamle utstyr med innbu og reiskap frå Ølen. I den eine halvdelen av eldhuset er det plassert ei stor skipsbyggingssamling frå familien Sjovatsen, som i fleire generasjonar dreiv jaktebygging på Sandviksanden i Bjoa. Den gamle bygdevegen går gjennom tunet på Nerheim.

Eldhusa på Nerheim. Plan og snitt (teikning: Sunnhordland Museum).

Denne dørfyllinga frå ei av stovene i Nerheimstunet er eit typisk arbeid etter Ingebrigt Brekke (foto: Svein Nord).

I «Slettakjeldo», ei oppkome ovanfor tunet på Lunde, vart det våren 1950 under gravearbeid for ein vassleidning funne tre øksar av bronse. Dei har vore ca. 30 cm lange og er fint prydde med spiralband, parallelle liner og bordar med skråskravering. Funnet kan daterast til mellom 1500 og 1200 år f.Kr. Øksane frå Lunde er praktstykke, av det beste som nordisk metallhandverk kunne syna i bronsealderen. Dei har neppe vore bruka til praktisk arbeid, men venteleg hatt kultisk eller seremoniell funksjon. Frå bronsealderhelleristingar kjenner vi liknande øksar på lange skaft, høgt lyfta, i hendene på menn. Ein trur at øksefunn frå kjelder, bekkar, myrar eller vatn er offer til guddomar, vette eller andre overnaturlege makter. Med ei samla metallvekt på 3 kg er dette det største funn av massive bronseøksar som er gjort her i landet.

  • Heggen, E. (1982) Garden Nerheim i Ølen. I: Sunnhordland Årbok. Stord, Sunnhordland museum, s. 5-17.

Sjå også

Andre stader i kommunen