Den gamle handelsstaden i Vikebygd (foto: Svein Nord).

Vikebygd

Den gamle handelsstaden i Vikebygd høyrer til dei privilegerte stadene frå 1600- og 1700-talet, det vil seia at dei hadde løyve til å driva handel i kraft av eit privilegiebrev: «landkremmerprivilegium».

I ei «innberetning» frå 1739 om kremmerleier, gjestgjevarstader og krohald peikar futen Andreas Heiberg på at på «Pladset ved Wiigebøygd Kirche» ligg det ei kro «som icke er fornøden saa som det icke er i veien for Reisende, og der heller icke holdes andet end drickende Vahrer for Almuen som er dennem Skadeligt». I 1750 vart Vikevik kalla ein liten strandsitjarstad som ikkje burde selja drikkevarer fordi han låg for nær kyrkja, «....Men alleene Salt, lerret og andre Kram Vahrer for almuen, som boer saa langt fra Kiøbstaden...» I 1839 overtok styrmann Georg Gautesen handelsløyvet: «Bevilling for Styrmand Georg Gautesen til at drive Landhandel med alle ordinaire Kjøbmandsvarer paa gaarden Vigevigen i Fjellberg Præstegjeld, Søndhordlehns og Hardangers Fogderi, Søndre Bergenhuus Amt». Det er truleg han som har bygt den hovudbygningen som står i dag. Til handelsstaden høyrde det også stabbur, løe, bakeri, naust og sjøhus. Bakeribygningen er i dag restaurert med det gamle utstyret på plass; eit fint lite museum som gjev oss eit bilete av hovudfunksjonane ved handelsstaden. Brød var viktig, den gong som no. Då den nyskipa kommunen Fjelberg i åra etter 1837 skulle ta stilling til nye søknader om handelsløyve, gav dei avslag med tilvising til at det var handelsmenn på Nordhus (Fjelberg) og i Vikebygd. Det fekk klara seg.

Bakeriet var viktig på handelsstaden (foto: Svein Nord).

For gardane i Bjordal har skogen vore ei viktig inntektskjelde. Vass-saga var felleseige mellom gardane. Ho vart bygd og halden ved like i fellesskap. Gardane har nytta saga til å skjera tømmer for sal og til eige bruk. På det meste skar dei 2-3 månader i året. Vassfalla i Bjordal vart òg nytta til kvern og treskjeverk. Det er ikkje lett å seia kor gammal denne saga er, men eit dokument om tildeling av sagkvote på slutten av 1700-talet kan tyda på at det alt er komen sag i Bjordal. I alle høve var saga i full drift kring midten av førre hundreåret. Drifta tok slutt i 1965. Vikebygd sogelag har restaurert saga, med nytt slok og ny sagkall. Vegen inn til Langåsdalen går langs elva framom den gamle saga. Her inne ligg utmarka til Bjordalsgardane; no eit ettertrakta friluftsområde. For brukarane i Bjordal hadde skogen og beiteområdet stort verde, men det var ikkje lett å verna seg mot inntrenging frå grannegardane. Dette skal vera ein av grunnane til at det vart sett husmenn i dalen; ein plass for kvart av bruka i Bjordal. I 1830-åra fekk Knut Knutson Eggja og Fredrik Roaldson Østenstad – «Friggen» – bygsel på plassane. Fredrik vart ein velståande husmann. Han bygde seg opp ein stor dyreflokk, dreiv handel med hestar og småfe og selde ullvarer og heimekinna smør. Etter kvart kom det til konflikt med bøndene i Bjordal, som meinte at husmannen tok seg litt for mykje til rette der oppe i dalen. Dei gjekk til søksmål mot han, men fekk ikkje medhald. Fredrik vart likevel dømd til vatn og brød i tretti dagar for å ha teke ein ver og lurt til seg noko never frå grannane. I 1925 vart den siste av plassane fråflytta, men Langåsdalen er no for alvor oppdaga som turområde.

Halvar og Johanna Tveit var dei siste som budde i Langåsdalen. Dei hadde om lag 30 dekar innmark og slåttemark, 3-4 kyr og nokre småfe. Halvar var tidlegare sjømann. Dei hadde seks born (foto: ukjent, eigar: Ølen kulturkontor).

  • Lunde, T. T. (1958) Soga om Husmannskår i Ølen. I: Sunnhordland Årbok. Stord, Sunnhordland museum, s. 62-74.

Nedlastbart innhald

Sjå også

Andre stader i kommunen