Gjennom sitt lange liv samla Havaas ei mengd planter, hovudsakleg mosar og lav. Bergen Museum mottok 23 000 innsamlingar frå han. Med omsyn til sjeldne, små artar av lav, er Granvin truleg blant dei best granska områda i verda, takk vere Havaas. Særleg Nesheimshorgi viste seg å vera ein interessant lokalitet, mellom anna med ein lavart som var ny for vitskapen då han vart oppdaga her.
Havaas publiserte mykje. Hans store verk var Lichenes Norwegiae occidentalis exsiccati, som Bergen Museum byrja å distribuera i 1912. 25 sett vart fordelte mellom museum og fagfolk over heile verda. Det gjorde namnet hans vide kjent. I Granvin bygdemuseum i Granvin sentrum kan ein sjå delar av samlinga.