Rekonstruksjon av Lyse klosteranlegg (Bernt Kristiansen).

Lyse Monastery, reconstruction

This is the artist’s impression of how he imagines the monastery site may have looked. We know the plan of the site, but there is still a lot we do not know. Where documentation is lacking the artist has added a combination of imagination and analogous deduction from other Cistercian monasteries in Europe. In later years fresh traces of buildings have been unearthed outside the site where the ruins are today. During the reconstruction of the part of the colonnaded passageway that stands today, the column capital was turned the wrong way. (Bernt Kristiansen).

Lyse Monastery

Lyse was founded in 1146, as a subsidiary to Fountains Abbey in Yorkshire in England. Bishop Sigurd of Bergen headed this effort and provided means to the monastery. There was close contact with the parent monastery in the initial period, and up to 1200 there were probably English abbots at Lyse. During the late Middle Ages the monastery came under Sorø monastery in Denmark, it had formerly been under Alvastra in Sweden for one year. Lyse – one of the richest in the country – was closed down between 1537 and 1541 and was put under the crown.

The buildings were constructed partly in steatite from a quarry northeast of the monastery site, in the Lyse valley. When the monastery was pulled down, steatite was transported from Lyse to the construction of the Rosenkrantz tower in Bergen and Kronberg castle in Denmark.

«Solen staar stille i Gideons dal. Tiden er løftet af Hængsel ...». Det er den danske folkehøgskulemannen Jørgen Bukdahl som i eit glimt gjev oss ei fortetta oppleving av klostersamfunnet i Lysedalen, slik han ser det for sitt indre auga, ein solvarm sommardag når lyset glitrar i dei rike lauvkronene kring klosterruinane. Idag er det eit velstelt kulturlandskap kring Lyse kloster; ein arv frå munkane sin flittige innsats – «ORA ET LABORA». Lekbrørne rydda skog, braut grøfter og dyrka opp store hagar kring klosteret. Lyse hadde også ein stor frukthage på garden Opedal i Ullensvang. Lengre inn i Lysedalen går den gamle stigen – «Munkevegen» – over åsen til Røykenes; vegen til Bergen.

Planteikninga bygger på Johan Meyers plan av Lyse etter utgravningane i 1888-89. Ulik skravering står for ulike byggjefasar. (Manglande skravering: berre fundament). Kanskje har klosteret også hatt ein vestfløy. Anlegget vart restaurert i 1920-åra. Ein del av veggene er bygde opp att ved bruk av smale skiferfliser.

 

1. Høgkoret (presbyterium).

2. Koret for munkane.

3. Sjukekor.

4. Koret for lekbrørne.

5. Nordre kapell.

6. Søre kapell og sakristi.

7. Trapperom for «natt-trappa» frå sovesalen (dormitorium).

8. Kapittelsal.

9. Samtalerom (parlatorium).

10. Passasje frå korsgangen til andre bygningar lengre mot aust.

11. Dagrom og truleg også varmestove (kalefaktorium).

12. Trapperom for «dag-trappa» frå sovesal, truleg med fengselet under.

13. Matsal (refektorium).

14. Kjøkken.

15. Truleg matsal for lekbrørne, kanskje ein del av vestfløyen.

16. Klostergarden og korsgangen med nisje for bøker (armarium) ved sakristiet (teikning: Ellinor Hoff etter Johan Meyer 1889).

Einstonig stig den gamle Mariahymnen opp frå klosterkyrkja. Munkane og lekbrørne er samla til dagens siste tidebøn, før dei går kvar til sitt.

 

Slik må vi ha lov å tenkja oss attende til den tida klosteret på Lyse var eit livskraftig samfunn, på høgda av makta si. Lyse høyrde til cisterciensarordenen, og som alle dei andre cisterciensarkyrkjene var også denne vigd til Maria. Truleg har det stått eit Maria-alter ved nordmuren i kyrkja, midtvegs ned i skipet. Der er det restar etter eit alterfundament. Cisterciensarordenen voks fram i Frankrike mot slutten av 1000-talet, som ein strengare variant av Benediktinarordenen. Namnet skriv seg frå det første klosteret i Citeaux. Klostra vart bygde på avsidesliggjande stader, og dagane var oppdelte i tidebøner og messer, lesing av oppbyggjelege skrifter og praktisk arbeid.

 

Mykje dårleg og vassjuk jord vart dyrka opp og omskapt til blømande enger og hagar av munkane i «Vallae Lucidae» – Lysedalen. Dette var ein del av teologien og samfunnsfilosofien til cisterciensarane. Lekbrørne, som stod for den største delen av det praktiske arbeidet, var underlagde ein mindre streng klosterdisiplin enn munkane. Det var sju faste tidebøner kvar dag; den første ein time etter midnatt. På denne tida nytta munkane, og seinare også lekbrørne, sine respektive «natt-trapper» som førte frå sovesalane og ned i kyrkja.

See also

Places in muncipality