Ullensvang (Helge Sunde, eigar: Universitetsmuseet i Bergen (22,1x28,9, B2436 f)).

Ullensvang

Catharine Kølle: «Ullensvang». Sannsynlegvis frå 1820-åra (Helge Sunde, eigar: Universitetsmuseet i Bergen (22,1x28,9, B2436 f)).

Ullensvang kyrkje

Ullensvang kyrkje som ligg ved sida av prestegarden, i idylliske omgjevnader på neset like innanfor Lofthus, er nemnd første gong i skriftlege kjelder i 1309. Då må den noverande gotiske steinkyrkja ha vore ny. Etter stilen i vestportalen og det austre korvindauga å dømma må kyrkja vera bygd kring 1300 eller litt før, truleg av handverkarar frå Bergen som har vore påverka av engelsk gotikk.

Tidlegare har det stått anten ei stavkyrkje eller ei mindre steinkyrkje her. Opphavleg var skipet kortare og utan tårn. Ved ei «restaurering» i 1883-84, leidd av domkyrkjearkitekt Chr. Christie, vart skipet lengd med 5,5 meter og det vart bygt til eit vesttårn. Den gamle vestportalen vart flytta ut i den nye tårnfoten. På kyrkjeloftet ligg veggtiler som viser at kyrkja må ha vore vakkert prydd innvendig kring midten av 1600-talet.

Fleire gravsteinar, nokre frå mellomalderen, er reiste mot veggmuren ved det nordre sakristiet. To av dei har innskrifter som kan lesast. På den eine står det: «her: hvilir: sira: ogmvdr: kàra: son: er: hans: Àrtid: VII: nato: eptir: festvmat: bidir: f: hanom». (Her kviler Sira Ogmund Kåreson. Hans årtid (dødsdag) er 7 netter etter Matthias festdag (21. september). Be for han.).

På den andre står det: «her: hvilrir: herra: sygyrdr: er: var: gula: tings: lo: madr: sonbryniolfs: a: aga: hans: Àrtid: er: prim: nottom: firir: michalmesso». (Her kviler herr Sigurd som var gulatingslagmann, son av Brynjulf på Aga. Hans årtid er 3 netter før mikkelsmesse (29. september).

Det er ein gammal tradisjon i Ullensvang at det skal ha lege eit kloster i Opedal. Av biskop J. Neumanns beretning i Budstikken for 1826 går det fram at det på den tid fanst restar av ein steinbygning på garden; ein bygning som openbert syntest å stadfesta tradisjonen om eit kloster. Denne bygningen vart riven ved hundreårsskiftet.

 

Noko kloster i vanleg tyding har det neppe lege i Opedal, men tradisjonen har nok ei kjerne av sanning i seg. Lyse kloster, som åtte Opedal, har her hatt ein god gard, litt utanom det vanlege; ein «grangiè» for å nytta cisterciensarmunkane sin terminologi – det vil seia ein bugard, driven som eit mønsterbruk. Staden der munkane budde, heiter enno Munkagard; eitt av dei tre tuna i Opedal. Kapellet er nemnt i 1310 – ei stavkyrkje – og i eit dokument frå 1551 er det omtala ein jordepart i Lofthus, «som ligg nedanfor Øvstetun ved Opedal kloster». Her har det også truleg vore eit herberge.

 

Munkane som har halde til i Opedal, har nok også hatt ei hand med i den omhugsame muringa av trappene i dei brattaste partia av stigen, som går opp lia og innover vidda. Dette er ein av mellomaldervegane opp på vidda. Mellom Opesjo og Veivatn ligg stølen «Munkabu». Segna fortel at bua har namn etter Opedalsmunkane.

  • Hertzberg, N. (1909) Fra min barndom og ungdomstid 1827-1856. Christiania.
  • Hertzberg, N. (1929) Prost Nils Hertzbergs reisebok ført på Ullensvang Prestegård 1806-1841. I: Den Norske Turistforenings Aarbok. S. 14-27.
  • Olafsen, O. (1911) Klosteret i Opedal. I: Hardanger. [Utne], Hardanger historielag, s. 47-52.
  • Olafsen, O. (1932) Kirken i Opedal. I: Hardanger. [Utne], Hardanger historielag, s. 30-36.
  • Opedal, H. O. (1968) Hardingar på sjøen: ferdsle i fjordane og langs kysten.
  • Storaas, R. (1991) Lykkens prøve: om hardingar på sjøen. Norheimsund.

Sjå også

Andre stader i kommunen