Frå Reisete fører ein gammal ferdsleveg opp Reiseteskardet og over fjellet til Krossdalen i Jondal. Garden Reisete ligg omlag 300 moh. Truleg har gardsnamnet samanheng med gno. reid «riding, veg», – i slekt med engelsk road – og setr «bustad, opphaldsstad». Namnet tyder då rett fram «garden ved vegen».
Gjennom århundre har det vore stor ferdsle mellom Jondal og Sørfjorden over Reiseteskardet. Pilgrimar som skulle til kyrkja i Røldal tok denne snarvegen over fjellet; hestehandlarar som kom med drifter nordfrå likeins. I førstninga av 1800-talet var det også mange ferdafolk som gjesta Hardanger. Fleire av dei var vitskapsmenn og granskarar, og dei har skildra turen over Folgefonna som eit høgdepunkt. Sommaren 1843 kom Tidemand og Gude over fjellet, på veg til Vikøy. Dei stogga på Reisete nokre dagar, og her skal dei ha laga skissene til målarstykket "Brudefærden i Hardanger". Frå 2012 til 2014 vart buførevegen opp Reisetelia steinsetja av sherpaer frå Nepal, eit imponerande arbeid til glede for fotturistane.