Hardanger folkemuseum vart skipa i 1911. At museet vart plassert på Utne, fortel mykje om kommunikasjonane i dette fjorddistriktet enno så seint som kring 1900. Det var først i 1977, då staten og Hordaland fylkeskommune overtok det økonomiske ansvaret for museumsdrifta, at Hardanger folkemuseum for alvor vart eit distriktsmuseum for heile Hardangerregionen. Då vart museet flytta dit det ligg i dag frå ei tomt sør for sentrum, der ferjeoppstillingsplassen er. Sjøbruksmiljøet er flytta frå Utnefjøra, saman med handelsbua til Sjur Svartveit; den siste gamle landhandelen i Ullensvang. Bygningane måtte vika plassen for eit av dei tunge trafikkanlegga i vår tid, som har øydelagt så mange fine historiske miljø. I dag er museet ein sentral institusjon i det konsoliderte Hardanger og Voss Museum.
Navigasjonssti
- Heim
- Hardanger Folkemuseum