Det er vår første riksantikvar, Harry Fett som ordlegg seg slik i 1928, ved opninga av Voss folkemuseum. Alt i 1906 hadde dei sentrale tillitsmennene i Fortidsminneforeningen, i samtalar med bygdehistorikaren Lars Kindem teke opp tanken om vern av det gamle tunet på Mølster. Då utskiftinga tok til i 1917, stilte Kindem seg i brodden for arbeidet med å sikra bygningane og tunet gjennom avtalar med dei to brukarane; ei verneform som var mange år føre si tid – eit lukkeleg samanfall av museumsiveren i den lokalhistoriske rørsla og det antikvariske vernearbeidet. Vilkåret for å få statstilskot var at det nye muséet også tok på seg ansvaret for tilsynet med Finnesloftet.
Antikvarane, musea og lokalhistorikarane
Det var ikkje tilfeldig at det nettopp var i vossebygdene at antikvarane i Fortidsminneforeningen ivra for å sikra fysiske kulturminne i landskapet. Voss er eitt av dei bygdelaga i Noreg som har vore sterkast prega av mellomaldertradisjonar heilt opp til vår tid. I 1891 hadde foreninga kjøpt Finnesloftet; det mest monumentale byggverket vi har att av mellomalderens profane trearkitektur; truleg gildeloftet som Mikaelsgildet hadde tilhald i hjå dei rike jordherrane på Finne. I 1909 vart også eit loft frå Lydvo kjøpt – men dette måtte flyttast til ein ny stad – og i 1910 målte Gerhard Fischer opp det eineståande tunet på Mølster. I desse åra mognast vernetankane, både i vossebygdene og mellom antikvarane.
Lars Kindem vart den drivande krafta i arbeidet med å skipa eit museum som kunne ta på seg ansvaret for bygningane og tunet på Mølster når dei tidlegre eigarane flytte ut. Det nye tiltaket, som vekte stor interesse i bygda, fekk namnet Voss bygdemuseum ved skipinga i 1917, men alt i 1920 var namnet endra til Voss folkemuseum. Norskdomshugen gjorde seg sterkt gjeldande desse åra, og skipingsmøtet gjorde vedtak om å føra møteboka på vossamål.
Idéane som låg bak dette museumstiltaket, var tankar som hadde sin bakgrunn i den store interessa for vernet av kulturarven og dei historiske verdiane i bygningar og handverkstradisjonar. Desse tankane fekk sitt fysiske uttrykk i dei siste tiåra av 1800-talet i Skandinavia: Arthur Hazelius` innsats i oppbygginga av Nordiska muséet på Skansen i Stockholm frå 1870-åra, Anders Sandvig og samlingane han bygde opp på Maihaugen og Hans Aalls store arbeid med å byggja ut Norsk folkemuseum på Bygdøy frå 1894. Medan antikvarane på dette tidspunktet var opptekne av å sikra viktige monument i det historiske landskapet, hadde dei nye friluftsmusea som mål å gjenskapa meir av den kulturhistoriske konteksten. I dei hundre åra som ligg bak oss har verneinteressene – først i fagmiljøa, så i folkeopinionen – steg for steg utvida den historiske horisonten. Frå J.C. Dahl stifta Fortidsminneforeningen i 1844 – ein bergingsaksjon for stavkyrkjene – til skipinga av riksantikvarembetet i 1911 og opprettinga av Miljøverndepartementet i 1972, har det gått føre seg ei gradvis utvikling og utviding av den kulturhistoriske og antikvariske tankegangen; frå vern av mellomaldermonumenta til vern av kvardagens bygningar og miljø. Kulturhistorie og kulturlandskap som ein del av livsmiljøet er blitt viktige stikkord i vår tid. I denne utviklinga har den lokalhistoriske rørsla og musea spela ei sentral rolle. Parallelt med dette har perspektivet flytta seg, frå ei fokusering på forhistorie og mellomalder og nasjonalromatikkens vektlegging av bondekulturen, til vår tids interesse for kystkultur, sosialhistorie og tekniske kulturminne. Norske Kunst og kulturhistoriske muséer (NKKM) – som omfattar eit mangfald av institusjonar, frå det største sentralmuseum til det minste bygdemuseum – fangar opp breidda i dette biletet.
Men dei første samlingar av den materielle folkekulturen var det Bergens Museum som tok initiativet til i 1825, ved formannen, stortingspresident F.W.K. Christie. Mange av dei nye museumstiltaka som vaks fram i Bergen mot slutten av 1800-talet og tidleg på 1900-talet, hadde sitt utspring i fagmiljøet kring Bergens Museum. Likevel var det først og fremst Hans Aall og Norsk Folkemuseum som kom til å løysa ut den store entusiasmen og «gründerperioden» for bygdetun og lokalmuseum utover på bygdene, etter at tanken om vern av autentiske historiske miljø hadde slått rot i bysamfunnet på 1800-talet.
Handelsmiljøet på bryggen
Heilt fram til i 1860-åra hadde Tyskebryggen i Bergen i store trekk sin gamle skipnad, men det var få som såg ein kulturhistorisk verdi i den hanseatiske bydelen. På det tidspunktet vart eitt av dei mest velhaldne handelshusa i Finnegården – som truleg høyrde til Finnegodset på Voss i mellomalderen - kjøpt av Johan Wilhelm Olsen. Han byrja å samla eldre bruksting frå Bryggen, og i 1872 vart Det Hanseatiske museum opna.
I tillegg til å visa eit kjøpmannskontor etter den gamle skikk, var det også ei viktig målsetting for muséet, heilt frå starten av, å samla originaldokument og skriftleg kjeldemateriale av verdi for Bergens handelshistorie og Bryggens bygningshistorie i mellomalderen. I 1916 overtok Bergen kommune muséet, og året etter tok museumsdirektøren, Chr. Koren-Wiberg, initiativ til å ta vare på Bredsgårdens «Schötstue», som stod for fall.
I 1923 la Koren-Wiberg fram ein plan for å sikra dei attverande gamle schötstuene på Bryggen – stovene frå Dramshusen, Bredsgården, Svensgården og Engelsgården og eit par av eldhusa – på ei kommunal tomt like ved Mariakirken. I 1937 var denne planen i hovudtrekk gjennomført.
Skikken med «skytningsstova» (schötstue), som eit felles gildehus, med tilhøyrande eldhus i kvar av gardane på Bryggen, går truleg attende til tidleg mellomalder og har samanheng med å «skyta saman» til eit felles tiltak. Andre viktige sider ved bygningsmiljøet på Bryggen – strukturen i dei lange gardsrekkene og funna frå dei eldste periodane på Bryggen – er det idag to andre institusjonar som forvaltar: Stiftelsen Bryggen og Bryggens Museum.
Bryggens Museum vart skipa i 1968. Bygd for ei raus pengegåve frå skipsreiar Erling Dekke Næss vart det nye museumsbygget opna i 1976, med presentasjon av det rike funnmaterialet frå dei arkeologiske utgravingane på Bryggen frå 1955 av; ei kulturhistorisk oppdagingsferd som snudde heile folkeopinionen for vern av Bryggen som historisk miljø. Bryggens Museum har satsa medvite på folkeopplysning og kulturformidling gjennom eit breidt kulturhistorisk utstillingsprogram, forelesingsseriar og integrerte kulturtilbod. At muséet er bygd «in situ» over ein del av mellomalderlokalitetane og ligg som næraste nabo til den restaurerte delen av Bryggen – som Stiftelsen Bryggen har ansvaret for – gjev det sjølvsagt ekstra attraksjonsverdi. Europarådets museumspris i 1978 viser at Bryggens museum også er eit museum med vekt i europeisk samanheng.
Næringsliv og kulturhistorie
Om det historiske miljøet på Bryggen representerer ei sentral næringsverksemd i bysamfunnet, er dette i like stor grad tilfellet med eit museum som Fiskerimuséet, som har sin bakgrunn i Noregs stilling som fiskerinasjon; «det første norske museum som ble grunnlagt for å tjene det praktiske liv», som det heiter i muséets historikk. Utgangspunktet går så langt attende som til 1865, då den internasjonale fiskeriutstillinga vart halden i Bergens Museums nybygg på Nygårdshøyden. Alle modellane som var laga av fiskefartøy og reiskap til utstillinga, vart overlatne til Bergens Museum.
I 1880 sende Selskabet for de Norske Fiskeriers Fremme ein stipendiat til den internasjonale utstillinga i Berlin, og overtok samstundes dei modellane som var samla ved Bergens Museum. Dette vart opptakten til «Bergens Fiskerimuseum», som i 1882 fekk lokale i basarbygningen på Vetrlidsalmenningen. Frå 1896 har muséet halde til i nedre etasje av «Permanenten» (Den Permanente Utstillingsbygning), og i 1990 vart endeleg plassproblema løyste ved flytting til Bontelabo. Nettopp plassproblema for eit museum som skal representera fiskerinæringa har ført til utstrekt bruk av modellar. Dette har utan tvil gjeve muséet ein pedagogisk profil, og Fiskerimuséet har bygt opp eitt av dei største fiskerihistoriske fagbibliotek i Skandinavia.
Eit anna næringsorientert museum er Bergens sjøfartsmuseum. Bergens Museum sine samlingar omfatta også sjøfart og fiske, men då tanken om eigne sjøfartsmuseum kom opp kring 1900, vart det i Bergen arbeidt aktivt med spørsmålet frå sjøfartsnæringa si side. Bergens Skipperforening skipa til eit galleri av gamle skutebilete etter Bergensutstillinga i 1898, og i fellesskap med Bergens rederiforening vart det arbeidt med museumstanken fram til skiping av eit «Bergens Sjøfartsmuseum» i 1921. Dei første samlingane opna i leigde lokale i Historisk museum i 1927, og her vart Sjøfartsmuséet verande fram til nybygget ved sida av Historisk museum vart teke i bruk i 1962. I dag har muséet ein sentral plass som eitt av våre største sjøfartshistoriske museum og forvaltar det statlege ansvaret for marinarkeologiske granskingar på Vestlandet; det gamle Bjørgvin bispedømme eller (før 1919) Bergen stift.
Museet har lagt vekt på å samla sjøfartshistorisk kjeldemateriale og har gjennomført fleire større forskingsprosjekt innan norsk sjøfartshistorie.
Naturleg nok er det eit fagleg fellesskap mellom Sjøfartsmuséet, Fiskerimuséet og folkemusea i Hordaland når det gjeld sjøbrukskulturen, og hovudtyngda av det som er verna av gamle bruksbåtar, ligg ute i distriktet. Dei gamle båtbyggjarane, som har vore aktive heilt til våre dagar, representerer dei stoltaste handverkstradisjonane i norsk historie, med røter i vikingtida sine båttypar.
Handverk og kunstindustri
Det gode handverket har også stått sentralt på programmet for Vestlandske kunstindustrimuseum, eller snarare: handverket på terskelen til industrisamfunnet. Dette muséet vart skipa i 1887, som det andre av dei norske kunstindustrimusea – eit uttrykk for den interesse for reformer i kunstindustrien som vaks fram i Europa etter 1850. Men alt i 1840-åra var slike tankar framme i Christies program for Bergens Museum.
Til å byrja med la muséet stor vekt på å støtta husflidsrørsla og dreiv ein eigen husflidsskule på Voss frå 1905 til 1916, under leiing av Magnus Dagestad. I 1887 hadde Kunstindustrimuséet flytt inn i «Permanenten», og her held framleis muséet til huse, etter ei større ombygging og utviding.
Ei oppgåve dette muséet har teke på seg dei seinare åra, er forvaltinga av «Stiftelsen Alvøen Hovedbygning». Den gamle papirfabrikken i Alvøen frå 1700-talet er utan tvil eitt av våre sentrale industriminne, og det vert arbeidt med avtalar for å sikra også deler av sjølve industrianlegget og arbeidarbustadene som eit kulturminnemiljø. På same måte har Vestlandske kunstindustrimuseum frå 1984 overteke ansvaret for Damsgård hovedgård. Dette hovudmonumentet i norsk rokokko har såleis fått status som museum; eit unikt kulturminne, både i norsk og europeisk samanheng. Ei omfattande restaurering er no gjennomført i samarbeid med Riksantikvaren og Gamle Bergen museum.
Gamle Bergen er eitt av dei musea som direkte har sprunge ut or det faglege miljøet kring Bergens Museum og Fortidsminneforeningen. Med førebilete frå det mønstergyldige anlegget «Den gamle by» i Århus vart mange framlegg om eit friluftsmuseum drøfta i Bergen i mellomkrigstida. Arkitekt Johan Lindstrøm lanserte i 1925 ein plan for eit folkemuseum for Bergen og Hordaland på Gamlehaugen på Fjøsanger, og i 1906 hadde Koren-Wiberg lagt fram eit forslag til eit folkemuseum på Bergenhus. Den nyvekte interessa for eit bygningsmuseum munna ut i ein plan for eit museum i Nordnesparken, og arkitekt Georg Fr. Fasting kasta fram tanken om å sikra eit intakt eldre bymiljø på Nordnes, eit framtidsretta syn som ikkje fekk gjennomslag på det tidspunktet.
Foreningen Gamle Bergen vart skipa i 1934, og sjølve muséet vart grunnlagt i 1942, på eigedomen Elsesro i Sandviken. Her bygde arkitekt Kristian Bjerknes planmessig opp eit stort anlegg av eldre hus frå ulike kantar av byen, tildels finansiert ved milde gåver og tilskot frå næringslivet. Kristian Bjerknes hadde framsyn nok til alt i 1958 å gjera framlegg om spesialregulering av det intakte bygningsmiljøet i Rosesmuggrenden i Sandviken, eit vesentleg tillegg til det som til då var freda i Bergen, både bygningshistorisk og sosialhistorisk. Men, slik utviklinga har gått, har fleire eldre hus som var tenkt flytte til Gamle Bergen, blitt ståande på opphavleg stad. Friluftsmuséet, som etter ein utbyggingsplan frå 1947 skulle få 56 hus, har idag om lag 35 bygningar. Etter kvart som reguleringsplanlegginga i større grad har byrja å ta omsyn til vern av bygningar i sitt miljø, har også presset på å flytta bygningar til muséet blitt mindre. Det syn som har vunne fram i vår tid, at bygningsmusea ikkje bør stå som alibi for å flytta hus som «står i vegen for utviklinga», har også gjort seg gjeldande for Gamle Bergen.
Nasjonalromantikk og klassisisme
Fleire historiske orginalmiljø har tilknytting til kunstnarar. Troldhaugen er bygd til vår store tonekunstnar Edvard Grieg. Heimen hans ved Nordåsvannet i Fana vart bygd i 1885, og frå 1928 har Troldhaugen hatt status som kommunalt museum. I 1985 vart det bygt ein ny konserthall, «Troldsal», som også dempar støyproblema frå den nye motorvegen – eitt av vår tids vanskelege kompromiss mellom vegbygging og vern.
Lysøen i Os er på liknande måte knytt til Ole Bull. Han bygde den eksotiske sommarvillaen på Lysøy i Os i 1873. Staden er samstundes eit monument over nasjonalromantikken som periode, og hovudbygningen er eit malerisk døme på hitorismens motivlån og dekorglede. I 1973 overtok Fornminneforeningens Bergensavdeling Lysøen som gåve, og i 1977 fekk eigedommen status som museum.
I denne samanhengen høyrer Ingebrigt Vikmuseet i Øystese naturleg heime.
Muséet vart skipa av Øystese ungdomslag, som mottok ei testamentarisk gåve frå Ingebrigt Vik i 1926, med alle dei etterlatne arbeid etter bilethoggaren. Ingebrigt Vik var av handverkarætt frå Øystese, og ungdomslaget gjekk igang med å få reist eit utstillingsbygg, som var eitt av vilkåra for gåva. I 1934 sto det særmerkte åttekanta bygget ferdig i Øystese sentrum, teikna av arkitekt Torgeir Alvsaker. Gjennom åra har styret sett det som si viktigaste opgåve å få overført flest mogeleg av Ingebrigt Vik sine arbeid til bronse. I 1978 kom muséet med i tilskottsordninga og fekk lagt eit vesentleg betre økonomisk grunnlag for drifta, saman med andre av musea i Hardanger. Og då er vi komne til dei mange lokalmusea i distriktet som vart vekte or «Tornerosesvevnen», slik den nye tilskotsordninga for musea vart karakterisert, då ho vart gjennomført i 1975. Frå no av fekk musea tilskot frå staten og fylkeskommunen etter same satsar som dei vidaregåande skulane.
Hardanger
Hardanger folkemuseum på Utne er i dag, som Voss folkemuseum i vossebygdene, eit distriktsmuseum, men det gjekk mange år før det vart eit museum for heile Hardanger. I 1910 vart spørsmålet om å skipa eit museum teke opp i Hardanger Historielag, og i 1911 vart Hardanger Bygdemuseum ein røyndom. Ein av initiativtakarane var ordføraren i Granvin, fanejunker Jens Lillegraven, og mellom skiparane var også ættegranskaren Aamund K. Bu frå Eidfjord. Likevel var muséet på Utne i mange år berre eit bygdemuseum mellom andre lokalmusé i Hardanger.
Sokneprest Olaf Olafsen, som hadde så sterke lokalhistoriske interesser, var den første formannen og sto nok bak formuleringa av føremålsparagrafen:
«Bygdemuséet for Hardanger har til formål at indsamle og opbevare levninger av gammel norsk kultur i Hardanger, såsom: Huse, bohave, bruksgjenstande, forskjellige slags, klær, gamle breve, papir, bøker osv...»
I 1950-åra kom muséet med i dei årlege samrådingsmøta mellom distriktsmusea i Hordaland, og i 1959 vart namnet endra til Hardanger folkemuseum. I denne perioden fekk muséet «låna» den nytilsette konservatoren ved Sunnhordland Museum, til katalogisering og utstillingsarbeid. I 1974 sto det eldfaste nybygget ferdig, og i 1977 fekk muséet sin faglege konservator og styrarstilling. I åra 1978-82 gjennomførte muséet flytting av alle dei gamle bygningane over til eit nytt museumsområde på Utne. Det gamle museumsområdet sør for sentrum måtte vika for ny ferjeoppstillingsplass; eit uheldig og unødvendig innhogg i det historiske tettstadmiljøet.
Den som framfor nokon arbeidde muséet fram til eit distriktsmuseum for hardangerbygdene, var Josef Lutro, mangeårig styreformann frå 1951 av, ordførar og medlem av Museumskomitéen av 1967, som greidde ut den nye tilskottsordninga for dei halvoffentlege musea. Han sto også bak skipinga av Hardanger Museumslag i 1961, med føremål å knyta eit fastare samband mellom bygdemusea i Hardanger. Og det kunne nok trengjast. Her var det mange som ivra for å verna kulturarven.
Granvin bygdemuseum vart skipa i 1918, og fanejunker Lillegraven, som sto bak Hardanger bygdemuseum på Utne, var med også her. Ei skomakarstove ved garden hans på Storegraven vart gjeven til muséet, og bygdefolket byrja med ihuge å samla. Storegraven hadde heilt sidan 1700-talet vore sjefsgard for kommandanten for Hardanger kompani, og den staselege hovudbygningen frå andre halvdel av 1700-talet vart halden unna då kommunen selde garden i byrjinga av 1900-talet. Storegraven var eit sentrum i Granvin i eldre tid; her var både kyrkje og skule. «Klokkarstova», som den gamle hovudbygningen på offisersgarden vart heitande på 1800-talet, høyrer idag med til bygdemuséet, som er kommunalt og har sitt eige styre.
Også lokalhistorikaren Aamund K. Bu byrja nokre år etter skipinga av Hardanger bygdemuseum på Utne å samla inn til sitt eige museum på slektsgarden Bu. Han bygde etter kvart opp ei stor privatsamling, m.a. med mange hundre ulike bringeklutar frå Hardangerbunaden. I 1931 sette han opp ein bygning med eldfast kjellar ved sida av dei gamle stovene som han hadde flytt til staden, og seinare eit hus for den store boksamlinga si. Fram til 1979 var Bu museum ei privat samling, som då vart overdregen til distriktsmuséet på Utne.
Bernhard Greves samling, «Skredhaugen», på garden Ernes i Ullensvang viser oss kunstnaren som museumsmann. Målaren Bernhard Greve slo seg ned i Ullensvang i 1918, og flytte alt i 1920 dei første gamle husa til Skredhaugen. Her komponerte han eit tun mellom dei store gamle bjørkestuane; eit nasjonalromantisk stemningsbilete som har hugteke mange, både ferdafolk og bygdefolk. Greve var omhugsam med detaljane i det historiske biletet, heilt ned til dei minste trenaglar og forvitra bord.
I 1974 vart Skredhaugen og dei rikhaldige samlingane der overtekne av Hardanger folkemuseum. På den andre sida av fjorden, ligg Agatunet; med i alt 30 bygningar i det gamle klyngjetunet; i 1938 som ei eiga stifting. I 1975 fekk Agatunet status som museum under den nye tilskottsordninga. Agatunet har i dag eit nært samarbeid med Hardanger folkemuseum om ein halv handverkarstilling, men det er framleis ein sjølvstendig skipnad med sitt eige styre, der Fortidsminneforeningen, Riksantikvaren og Hordaland fylkeskommune er representerte.
Agatunet, med si maleriske samling av større og mindre hus, gjev eit fascinerande bilete av byggjeskikken i fjordbygdene. Det er nok typisk for utviklinga i vernearbeidet at det i 1930-åra var Riksantikvaren som tok opp ei så stor oppgåve som å berga eit stort fellestun på Vestlandet frå utskiftingsprosessen. På det tidspunkt hadde vi fått den nye lova om bygningsfredning frå 1920.
Eit tilsvarande stort fellestun var det på garden Øystese i Kvam, ein av dei eldste og største gardane i Hardanger. Då Kvam bygdemuseum vart skipa i 1912, etter opptak frå distriktslækjar Munch-Søegård, vart Torsteinsstova frå det gamle Øystesetunet flytt opp på Stopulshaugen på Øystesegarden, samanbygd med bu og loft – ein romskipnad som truleg går attende til mellomalderen. Øystese ungdomslag styrte med museet dei første åra, men i 1917 vart det ein eigen samskipnad:
«Kvams Bygdemuseum vil samla, bevara og halda til Framsyning altslags Fornsaker og Kulturminner fraa Bygdi, og serleg slike som er gode typiske Tidsbilæter og som det gjelder aa berga frå Undergang».
I 1954 vart muséet kommunalt og fekk nye vedtekter. Etter mange års drøftingar i bygda om Kvam bygdemuseum skulle liggja i Vikøy eller Øystese, samla ein seg i 1980 om ein plan for å flytta Torsteinsstova over til eit nytt museumsområde på Storeteigen i Øystese, saman med ei stove og eit stabbur frå Vavollen. Stova frå Vavollen representerer eitt av dei autentiske interiøra som viser den gamle tradisjonen med kroting av røykstovene .
Tørvikbygd bygdemuseum går også attende til byrjinga av 1900-talet. I 1910 kjøpte ungdomslaget i bygda eit samanbygt mellomalderleg gardsanlegg på garden Drage, og det vart reist ein bautastein på garden i 1914, under leiing av den ihuga formannen for ungdomslaget, lokalhistorikaren Olav Kolltveit. Først i 1927 byrja bygdefolket å samla gjenstandar til museet, og seinare er det i alle år det lokale ungdomslaget som har hatt ansvaret. Det er framleis idag ei privat samling.
Også Strandebarm bygdemuseum høyrde med til same tidstypiske periode. Distriktslækjaren i bygda fekk saman med andre interesserte menn overta eit tohøgda loft med sidesvaler på garden Vika på Oma . Dette loftet var blitt ført opp på fredingslista i 1927. Likevel vart fredinga heva og loftet flytt til Bru og gjeve til «Kirkebygdens ungdom». Mykje eldre husbunad vart samla inn av bygdefolket, men i seinare år vart huset ståande i forfall. Det vart rive i 1969 og ført til Hordamuseet, der det framleis ligg lagra.
Etter krigen har nok det kommunale engasjement vorte sterkare i slike lokale tiltak. Viktunet i Jondal vart skipa som eit bygdetun i slutten av 1960-åra, då Jondal kommune kjøpte den gamle lensmannsgarden på Vik. Idag er det eit kommunalt museum med eige styre. Og nettopp i slike høve kjem dei faglege og tekniske ressursane ved distriktsmuséet inn som ein viktig faktor for å kunna forvalta lokale bygdetun på ein god måte.
Hardanger gjev såleis eit innhaldsrikt bilete av korleis sogeinteressa og vernetanken slo ut i full blom utover i bygdene i dei første tiåra av 1900-talet. I Sunnhordland tok utviklinga ein litt annan veg.
Sunnhordland
Då Sunnhordland Folkemuseum og sogelag vart skipa i 1913, tok medlemmene straks til med å byggja opp ei museumssamling, som heldt til i den store mellomalderstova på Ådland på Stord dei første åra. Denne bygningen høyrde til Fortidsminneforeningen, men då dette huset snart vart for trongt, fekk sogelaget høve til å flytta museumssamlingane over til ein park på Leirvik, der Sunnhordland Museum tok form og etter kvart bygde opp ei friluftsavdeling med tilflytte hus. Også Ådlandsstova vart flytt til det nye museumsområdet.
Drivkrafta bak muséet, Kristofer Sydnes, arbeidde energisk for å byggja opp systematiske samlingar, og i 1938 kunne muséet opna ein liten eldfast utstillingsbygning, som det første av folkemusea i Hordaland. Han fekk hjelp av konservator Harald Hals II ved Stavanger museum til å leggja til rette den første utstillinga. I 1953 fekk muséet eigen konservator, og i 1963 bygde museet ein ny, større museumsbygning attåt den gamle frå 1938. I 1978 kom byggesteg nr. 3, og i 1989 det siste byggesteget. Muséet har særleg lagt vekt på handverkstradisjonane i fartøybygginga, som sto så sentralt i Sunnhordland i eldre tid.
Kristofer Sydnes arbeidde også i mange år med å få sikra klosterruinane på Halsnøy kloster, og i 1959 kunne muséet løysa inn og overta heile ruinområdet, i samråd med Riksantikvaren. Då var det alt lagt opp til ein desentralisert museumsstruktur, ved å ta vare på anlegg i sitt opphavlege miljø kringom i bygdene. Det første av desse var Sæbøtunet i Etne: ein gamal udelt gard som muséet overtok i 1938. I alt er det sju hus på garden, som er gruppert i to tun, med innhus og uthus. Eit mindre tun fekk muséet skøyte på i 1959, «Nistovetunet» på Hjelmeland i Omvikdalen. På ein av grannegardane, Tveit, har muséet overteke huset etter heimbygdforfattaren Jens Tvedt. Her ligg det også ei privat, lokal samling, «Dunstan Skilbecks samling». I 1960 fekk ein overta dei tre gamle bygningane i tunet på Gjerde i Mauranger, mot å halda dei vedlike. Den eine, «Målabuo», skriv seg truleg frå slutten av 1500-talet, og har vore vakkert dekorert med rankar og rosettar i renessansestil. Det siste tilskotet til samlingane er Nerheimtunet i Ølen, som vart overdrege testamentarisk til museet i 1970 – eit fint tun på den flate terassen ut mot fjorden.
Eit vernetiltak «in situ» som også ligg under Sunnhordland Folkemuseums ansvar, er gruvemuséet på Litlabø. Men det finst andre vernetiltak i Sundhordland, som viser oss kva den lokale verneviljen kan utretta. Baadehuset i Espevær, hovudbygningen på den gamle handelsstaden og administrasjonssenteret i det rike sildefisket på 1800-talet, vart i 1969 overlate Espevær husmorlag frå dei tidlegare eigarane. Med tilskott frå Norsk kulturråd og frå Riksantikvaren, og med fagleg støtte frå antikvariske styresmakter har husmorlaget – med menn – gjennomført ei fullstendig restaurering av bygningen, frå kjellar til loft. Interiøret er tilbakeført og det gamle bakeriet er istandsett – ein dugnadsinnsats som tel mange tusen timar. Baadehuset kan stå som eit bilete på den lokale vernetanken i vår tid, eit utslag av den same entusiasmen som låg attom bølgja av bygdetun og heimbygdssamlingar i 1920-åra.
Bømlo Tur- og Sogelag har på liknande måte teke opp vern av kulturminne i lokalmiljøet.
Baroniet i Rosendal, eitt av våre mest monumentale kulturminne, er ei eiga stifting under Universitetet i Oslo. Frå 1990 har også dette anlegget status som eit halvoffentleg museum. Kulturlandskapet kring Baroniet, på gardane Mel og Hatteberg, er eit historisk landskap som no får eit heilskapleg vern. Heile det ytre anlegget, med avlsgarden, blir rusta opp som historisk miljø og som vertsstad for symposium og seminar. Til denne eigedomen høyrer også husmannsplassen på Træo.
Skipsbyggingsmuséet på den gamle skipsverven ved Skåluren i Rosendal er spennande nyskapning i lokalmiljøet; eit nærbilete av dei beste fartøybyggjarane i Noreg.
Kvinnherad kommune har elles skipa eit bygdetun på Rød i Uskedalen som har gjeve plass til Dønhaugs samling. Og i Fitjar er bygningane og heile kulturlandskapet på garden Årskog sikra som bygdetun; eit typisk vestlandsk småbruk ved fjorden.
Nord- og Midthordland
I det gamle Nordhordland, det store distriktet nord for Bjørnefjorden, er det i dag to større musé utanom dei mange lokale samlingar og bygdetun.
Hordamuséet, som tidlegare hadde namnet Hordaland landbruksmuseum, vart skipa i 1945, med utgangspunkt i fagmiljøet ved Stend landbruksskule i Fana. Frå starten som spesialmuseum utvikla landbruksmuséet seg i retning av eit distriktsmuseum for Nord- og Midthordland, og det var nok mange som såg føre seg at ein her kunne få det folkemuséet som fleire gonger tidlegare hadde vore på tale i Bergen.
Jamvel om det i innbydingsbrevet frå Landbruksmuséet i 1945 vart streka under at dette tiltaket ikkje skulle koma i vegen for andre musé, gjekk utviklinga ikkje føre seg utan motsetnader. Andre musé kjende seg sette til side innanfor sine område, og meinte – med god grunn – at deira samlingar også i stor mon var landbrukshistoriske. Det vart etter kvart klårt at tanken om eit «vestnorsk Maihaugen» kanhenda alt i utgangspunktet var forelda. Ved reorganiseringa i 1974 endra muséet namn til Hordamuseet. Muséet fekk konservatorstilling i 1975, og det nye eldfaste bygget vart ferdig i 1976.
Hordamuséet har lagt vekt på å få fram eit bilete av det samansette næringsmiljøet på kysten; samspelet mellom jordbruk og sjøbruk.
Dei same interessentane som sto attom Landbruksmuséet skipa også Vestlandske setermuseum. Opphavleg var det planar om å leggja dette muséet på Fløyen, men seinare peika Fanafjellet seg ut som ein idéell stad. Det økonomiske grunnlaget for oppbygginga av muséet vart i stor grad skaffa til vegar av Vestlandsbanken. Setermuséet på Fanafjell som under omorganiseringa i 1974 vart slege saman med Hordamuséet, har samla stølsanlegg frå sentrale deler av Vestlandet og er eitt av dei få musea som gjev eit oversyn over det gamle stølsbruket.
Osterøy museum på Gjerstad hadde frå først av det tidstypiske namnet Gjerstad Fornminnelag. Det vart skipa i 1920, og i 1930 fekk laget eigande tomt og byrja å setja opp eldre bygningar frå 1600- og 1700-talet. Gjennom åra har museet bygt opp eit tun med stover, eldhus og eit renessanseloft: Fjellskålnesloftet, eigentleg frå Seim i Lindås. Karakteristisk nok vart dette loftet sett opp i hagen framfor Bergens Museum av ihuga antikvarar på slutten av 1800-talet. Seinare vart loftet overteke av Fortidsminneforeningen og sett opp att på Osterøy i 1950.
Ein interessant tilvekst til muséet i dei seinare år er ei gamal låsesmie, «Gjerstad låsfabrikk», som står på opphavleg stad like ved muséet. Denne smia representerer ei av dei karakteristiske sidene ved handverkstradisjonane på Osterøy: utviklinga frå bygdehandverk til halvindustri; ei utvikling som har prega Osterøy som industriområde. Garveriverksemda – med bakgrunn i dei mange barkehusa og garveria kringom på gardane – har også vore ei viktig industrigrein gjennom lengre tid. I samarbeid med Fortidsminneforeninga har muséet skipa eit garverimuseum i ein eldre garveribygning på Valestrand.
På Osterøy ligg også Havråtunet, eit nasjonalt kulturminne av internasjonalt format, som også har fått status som museum. Med bakgrunn i arbeidet med filmen om Havråtunet i 1950-åra vart det skipa ei eiga stifting i 1973, bygd på ein frivillig fredingsavtale med alle grunneigarane. I styret for stiftinga er Osterøy museum, Fortidsminneforeningen og Hordaland fylkeskommune representerte, og muséet rår over ein handverkarstilling i samarbeid med Osterøy museum.
Havråtunet representerer eit eineståande bilete av det vestnorske klyngjetunet med den urørde innmarka ikring: brattlendte bøar, steinterrassar og askestuvar. I den formelle fredinga etter Lov om kulturminne vil heile det gamle kulturlandskapet på Havrå koma med; eit sjeldsynt kulturhistorisk landskapsvern i Noreg.
Bogatunet på Radøy, eitt av dei få attverande samanbygde anlegga med røter bakover til mellomalderens byggeskikk, står framleis på opphavleg stad. Alt i 1920-åra arbeidde Nord- og Midhordland sogelag for å sikra dette anlegget. Laget har seinare stått som eigar, og har sytt for turvande istandsetting og vedlikehald. Eit anna fint lokalmuseum er Lindås skulemuseum – Vassel gamle skule, skipa i 1976. Den lokale nemnda arbeidde førebiletleg med å samla inventar og utstyr i den gamle skulestova på Vassel. Lindås skulemuseum vil i framtida gå inn i ein større kommunal skipnad, der også husmannsplassen i Viki høyrer med. Slik ser vi at den historiske interessa på lokalplanet har berga mange historiske miljø.
Det historiske perspektivet
Kva så med perspektivet framover? Her kan det vera naturleg å stansa opp og spørja: kor representativt er det historiske materialet som musea forvaltar? Jamvel om biletet er allsidig, ser vi straks at ute i distriktet ligg det ei hovudvekt på bondekulturen, ein arv frå nasjonalromantikken. Sjøbruket og det samansette næringsmiljøet på kysten er svakare representert, sameleis den sosiale lagdelinga, arbeidarane og industrisamfunnet. Men det vantar ikkje syn for at det trengst revurdering og nytenking her, og mange interessante prosjekt er i emning. I vår tid er vi blitt opptekne av heilskapen i det historiske biletet, den kulturhistoriske samanheng; faktorane som har forma utviklinga. I framtida må vi tenkja oss verneformer som går vidare enn den klassiske museumsmodellen.
«Gründerperioden» for lokale samlingar av folkemuseumstypen kan idag seiast å vera over. I framtida vil det kanskje i større grad bli meir tematiske oppgåver som står i fokus, og mange «ytre» interessegrupper vil gjerne koma sterkare med. Sjøbrukskulturen er alt nemnd. Dei største samlingane av bruksbåtar finn vi i dag ikkje ved musea, men i private båtlag og kystlag, som med stor sakkunnskap og entusiasme går inn for denne delen av kystkulturen. Restaurerte jakter og galeaser i sitt rette miljø kan på ein heilt annan måte fanga interessa og gjenskapa det historiske biletet, enn båtar i hus på tørt land. Eit sentralt kompetansemiljø har vakse fram ved Hardanger Fartøyvernsenter. Dette vart bygt opp kring restaureringa av hardangerjakta «Mathilde» og har status som eit nasjonalt kompetansesenter. I samarbeid med mellom anna Riksantikvaren tek Fartøyvernsenteret hand om fleire store prosjekt, og står sentralt i arbeidet med å vidareføra og vedlikehalda gamle handverkstradisjonar på dette feltet.
Kulturlandskap og historiske miljø
Ei vidareutvikling av det lokale museum kan vi sjå eit fint døme på i det kulturhistoriske landskapsmuséet i Vaksdal kommune. Steinalderbuplassen ved Skipshelleren på Straume fangar her inn eit tidsspenn på 6000 år, saman med andre element i kulturlandskapet: stavnaust, dragebryggjer og laksegiljer; kulturminne som knyter seg til det lokale næringsgrunnlaget i nyare tid.
Å ta vare på eit kulturlandskap er ei oppgåve som sprengjer eit tradisjonelt museumsomgrep. I Nordhordland har det sidan 1975 vore arbeidt med eit «lyngheimuseum» eller eit kulturhistorisk landskapsvernområde som kan sikra eit intakt bilete av lyngheia som økosystem og som kulturlandskap gjennom 2000 år. Det museale aspektet kjem inn ved eit pedagogisk «ressurssnitt» som syner kulturelementa i landskapet: innhus, uthus, torvmyrar og lynghei. Lyngheisenteret på Lygra i Lindås har for første gong i Europa prøvt ut ein modell for økologisk gardsdrift som samstundes skal verna og vedlikehalda lyngheilandskapet og kulturminna i dette landskapet. For dette arbeidet har Lyngheisenteret motteke UNESCO’s Kulturlandskapspris.
I Hardanger har Industristadmuséet i Odda blitt eit fagmiljø med stor tyngde når det gjeld vern av arbeidarkultur og industrihistorie; eit tiltak som er blitt lagt merke til i Europa. Dette muséet har fått ei interessant vidareutvikling i samband med fredinga av den gamle kraftstasjonen i Tyssedal, under sitt nye namn: Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum.
Dette hovudperspektivet, at gårsdagens næringsverksemd er dagens kulturminne, møter vi nettopp i industrisamfunnets saga. Det er også det som møter oss i den nedlagde tekstilfabrikken i den gamle tettstaden Salhus – eit nasjonalt kompetansesenter for tekstilhistorie: Norsk Trikotasjemuseum, som høyrer inn under Museumssenteret i Hordaland.
Slik blir «vern gjennom bruk» eit passord til historia og dei miljømessige verdiane. Historia i landskapet, som ein kvalitet i nærmiljøet, har ein særskild appell til dagens generasjon. Perspektivutvidinga, frå monumentvern til miljøvern, fører til at vi tolkar historia vidare enn før, i eit ressursperspektiv.
Eit museum som også viser dette, er Kystmuséet i Øygarden. Det hentar fram kvardagssoga i dei små fiskarsamfunna mot Nordsjøen, i eit karrig og barskt kystlandskap. I dette landskapet ligg også eit anna tematisk museum: Nordsjøfartmuseet, bygt på dei krigshistoriske samlingane i Tælavåg. Her får vi eit nærbilete av lokalsamfunnet i motstand mot overmakta. Dei ideologiske haldningane som kjem fram i Telavåg, kampen mot diktaturet, er ein viktig del av kulturarven, ikkje berre den norske, men den europeiske. Og kunnskapen om kulturlandskapet og det økologiske miljøet er tema som står i fokus for dagens informasjonssenter om landskapsvern og kulturhistorie, slik vi ser det i nasjonalparkane på Folgefonnhalvøya og Hardangervidda. Kunnskapen flytter ut i landskapet og inn i lokalsamfunnet.