Alt i 1300-åra var Aga delt i eit «øfstetun» og eit «nedstetun». Husa var grupperte på kvar side av ei tungate, og kvart tun hadde si storstove; ei røykstove av uvanlege dimensjonar. Stova vart riven i 1811, men Lagmannsstova står enno. Av dei skriftlege kjeldene ser vi at «øvstetunet» er omtala i 1398 (Diplomatarium Norvegicum VIII); i 1500-åra var det tre brukarar på Aga og på 1600-talet seks; tre i kvart tun. I 1701 var brukarane vortne sjølveigarar, og i 1907 budde det ni sjølveigande bønder og seksten husmenn i tunet.
Lensmann og stortingsmann Johannes Pedersen Aga har skildra den nedrivne røykstova, som hadde tømmer på 12 alens lengde og over 1 alen tjukn. Bygningen var «paa forskjellige steder ziret med billedhuggeri». Etter beskrivinga å dømma har denne stova vore samanbygd med eit loft med romslege omgangar; skot og svaler. Eit stavbygt kapell, som stod sør for Lagmannsstova, vart også rive – høgendeskyrkja for storfolket på Aga.