Gjestgjevarstaden på Utne kring 1900

The guesthouse settlement at Utne around 1900.

Gjestgjevarstaden på Utne kring 1900 (Knud Knudsen, eigar: Billedsamlingen, Universitetsbiblioteket i Bergen (KK 278)).

Utne

Då sersjant Peder Larsen Børsem frå Strandebarm var «entlediget» i 1721, etter Den store nordiske krigen, gifte han seg med bergensdama Elisabeth Schrøder og slo seg ned som gjestgjevar på Utne, med bevillingsbrev frå stiftamtmannen dagsett 29. oktober 1722.

Av opplysningar på tinget i 1739 går det fram at Peder Børsem hadde «gjort store Omkostninger paa fornødne Gjestgiverie, Huser at opbygge». Truleg er dette den eldste delen av Utne hotel i dag. Gjestgjevaren fall frå alt i 1735, og gjestgjevarstaden vart overteken av «Elisabeth Sallige Peder Børsems Enke». Futen meinte at det ikkje var nødvendig med noko vidare krohald, korkje

«for den Reisende eller for Almuen ... thi for den Reisende er der ingen Hafn, og Almuen kan baade Sælge og Kiøbe hvad de vil ved Gravens Giestgiverie, som ickun er 1 kort Miil derfra».

Men gjestgjevarstaden vart ikkje nedlagd. I 1789 vart Johannes Sveinsson Winæs gjestgjevar. Han var jakteskipper og dreiv handel og fraktefart med eige fartøy; korn, salt og alle slags «Fornødenheder». Utne vart den sentrale handelsstaden i Indre Hardanger, og i 1828 overtok dei to sønene hans verksemda: Jakob som handelsmann og Johan som gjestgjevar. I 1829 vart det oppretta skysstasjon her, og gjestgjevaren fekk stasjonshaldet. Gjesteboka, som enno er på hotellet på Utne, viser at mange kjende personar har nytt godt av gjestfridomen her;

P. Chr. Asbjørnsen, Kristofer Janson, Adolph Tidemand og Eilif Peterssen. Johan Winæs vart gift med Torbjørg Utne, eller «Mor Utne» som ho vart kalla. Ho sto for drifta i 70 år, frå 1833 til 1903, og ho var den som skapte det første hotellet i Hardanger.

Utne Hotell i dag – ei eiga kulturstifting – med eit eksteriør prega av sveitserstilen mot slutten av 1800-talet (Svein Nord).

Der Hardangerfjorden deler seg i fjordarmane inn til Granvin, Ulvik, Osa, Eidfjord og Odda, ligg Utne; ein gammal gard med eit usamansett naturnamn som enno ingen har klart å tyda. Utne ligg sentralt i leia langs Hardangerfjorden, og det er nok ikkje tilfeldig at det vart lagt ein gjestgjevarstad her. Men det var nok tingstaden frå 1728 som la grunnen for den seinare strandstaden. Skipreidetinga flytta gjerne frå gard til gard, og dei nye gjestgjevarstadene etter forordninga av 1648 overtok dette tinghaldet, der det høvde. På Utne-tinget møtte bønder frå Røldal til Kjepso ved Ålvik, og dette gav god omsetnad for gjestgjevaren. Det er sannsynleg at «Tingstova» ved hotellet vart sett opp kring 1730. Truleg er det Jakob Winess som hundre år seinare, i 1828, bygde det staselege tohøgda våningshuset i empirestil, halvvegs opp «Sjoavegen», då han overtok handelsverksemda. Denne bygningen, som i dag vert kalla «Brochhuset», heitte heilt fram til 1900-talet «Jakobshuset» eller «handelsstaden», til skilnad frå gjestgjevarstaden nede ved fjorden. Og slik veks strandstaden fram utover på 1800-talet. Frå 1830-åra aukar turisttrafikken; i 1836 kjem Hardangers første postopneri her, og Utne hadde postføringa til Eide i Granvin heilt fram til 1861, då den første dampskipsruta Bergen-Odda vart opna.

  • Kolltveit, O. Utne Hotell 250 år: 1722-1972.
  • Kolltveit, O. (1961) Hardanger Folkemuseum 50 år. I: Hardanger. [Utne], Hardanger historielag, s. 535-540.

Sjå også

Andre stader i kommunen