Kista frå Sekse, måla av Gunnar Årekol i 1813. (Egil Korsnes).

The chest from Sekse, painted by Gunnar Årekol in 1813.

Kista frå Sekse, måla av Gunnar Årekol i 1813. Vi ser her ei sjarmerande samanstilling av kyrkje, karosse og ryttar, henta frå ei bok: Den Kloge og forstandige Huslærer (1804). Motivet er kransa inn av ein fargerik ranke i blomebarokkens polykrome stil. Eigaren sitt namn er skrive med runer (Egil Korsnes).

Årekol

GUNNAR ANFINSEN ÅREKOL

På den vesle husmannsplassen sin i «Hagen» under hovudbruket på Årekol i Grimo dreiv Gunnar Anfinsen Årekol (1784–1856) med mange sysler: fruktdyrking, tobakksdyrking, kringlebaking, fyrstikkfabrikasjon, bokbinding – og rosemåling. Gunnar var helseveik og hadde truleg beintuberkulose. Prost Nils Hertzberg tok seg av han og greidde å stogga sjukdommen, men Gunnar vart vanfør og halt etter dette. Hjå Hertzberg lærte han å binda inn bøker, og dette har nok vore ei god kjelde til kunnskap. Innskrifter på skåler og kister syner at Gunnar meistra både tysk og latin.

Det var først og fremst rosemålar Gunnar var, med ein fargesterk stil på raud eller kvit botn, prega av blomebarokkens fargar og kraftige former. Mange av motiva har han nytta i friske fargar på innsida av kistelok, der han også har skrive eigaren sitt namn i runer. Vi kjenner att dei storlagde formene frå kyrkjedekoren på 1600-talet: rankar med fleirbladroser, drueklasar og ein valmuelikande, gjenomskoren blom. Særleg firbladrosa blir eit hovudmotiv på dei mange skautaskrina. Truleg har dette motivet eit symbolinnhald; eit lukkebringande motiv knytt til bryllaup og ekteskap. Gunnar Årekol har vore påverka av «skautaskrinmålarane» i Kvam, særleg Per Andersson Århus frå Steinsdalen (1757/58–1831).

Dei omvandrande rosemålarane frå Telemark og Hallingdal var gjennom ein heil mannsalder årvisse gjester i fjordbygdene på Vestlandet. Dei var ein del av ei stor arbeidsvandring mellom bygdelaga; kramkarar, handverkarar, driftefolk og slåttekarar. Dei første rosemålarane frå Telemark dukka opp i Hardanger mot slutten av 1700-talet, men det var særleg frå 1820-åra at den store ekspansjonen kom. Kanskje mellom 30-40 % av rosemålarane i Telemark var ute og henta seg forteneste i andre bygdelag. Mange var også med i sildefisket. Det gjaldt å henta pengar der det var pengar å tena.

 

Ein av dei som det har spunne seg flest soger omkring, er Thomas Luraas (1799–1866) frå Tinn i Telemark. Han førte eit eventyrleg og omflakkande liv og var med jamne mellomrom på målarferd til Hardanger og hordalandsbygdene i nærare 40 år, frå 1820-åra til 1860. Andre velkjende austmenn var Bjørn Bjaalid (1791­–1859), Jon Torbjørnson Geiskelid (1798–1866) og Hans Olavsson Glittenberg. Dei var dyktige og etterspurde målarar og kom att år etter år, så lenge det var forteneste i denne handverksproduksjonen.

Sjå også

Andre stader i kommunen