Skredhaugen (Svein Nord)

Skredhaugen

Skredhaugen

På Ernes, utanfor Lofthus, ligg Skredhaugen; eit velstelt lite kulturhistorisk museum bygd opp av kunstmålar Bernhard Greve (1886-1962). Han kjøpte Skredhaugen i 1918 og flytta hit gamle hus og husbunad frå Sørfjorden; alt komponert med kunstnarens sikre sans for historiske kvalitetar. Hit søkte Bernhard Greve etter slitsame studiereiser kringom i Europa, og her fann han ro og inspirasjon saman med gode vener, som arkitekten Frederik Konow Lund og kulturhistorikaren Robert Kloster. I dag er det Hardanger folkemuseum som forvaltar Skredhaugen.

Den velbygde sengebua som i dag står på Skredhaugen, kjem frå eitt av bruka på Sekse. Bua vart bygd på midten av 1800-talet, og på ei av sine mange målarferder til Hardanger, har Thomas Luraas vore på Sekse og måla senger, dører og listverk i denne bua i sin lett kjennelege stil. Sengebua var ein bygning som eigaren gjerne la litt kostnad i. Dette var gjesterommet i huset; her hadde dei kister og stasklede.

 

Det har stått mange slike sengebuer i vestlandsbygdene; få av dei er så oversådde med dekor på vegger og tak som oppstovene i Telemark. Og det var nok ikkje fordi bøndene på fjellgardane i Telemark hadde betre råd enn bøndene i Hardanger og Sunnhordland. Her kjem forskjellen i kultur og tradisjon inn. Skikken i fjordbygdene på Vestlandet, «røykstovebygdene», var ein annan enn i fjellbygdene i Telemark.

Sjå også

Andre stader i kommunen