Aamund K. Bu (1872-1944), bonde, lokalhistorikar, oppfinnar og ættegranskar, var ein av dei som skipa Hardanger bygdemuseum i 1911, men eldhugen for det historiske var så stor at han også bygde opp sine eigne samlingar på Bu. To 1700-tals røykstover og eit stabbur vart plasserte fritt og fint ut mot fjorden, saman med to eldfaste kjellarar, som mellom mykje anna gjev plass til stor boksamling og ei unik samling av «bringeklutar»; ein fargerik del av hardangerbunaden. I 1979 overtok Hardanger folkemuseum drifta av dette museet, som er eit innhaldsrikt «kulturhistorisk kabinett».
Navigasjonssti
- Heim
- Bu