Vardetangen er på ingen måte så ruvande som Stadt eller Nordkapp, men den vestlegaste pynten av det norske fastlandet er òg ei reise verd. Både frå moloen på Fonnes og frå kaien i Ervika går det veg og stig gjennom lyngheia til Vardetangen. Ytst på neset står skilt med avstandar til dei andre ytterpunkta av fastlandet: Kinnarodden (nord): 1488 km, Kibergneset (aust): 1582 km og Lindesnes 377 km. Ytste punktet er fastsett til 60° 48’ 36,614’’ nord og 4° 56’ 43,182’’ aust.
Vardetangen
VESTKAPP