Kvernhusvågen ligg nokre kilometer sør for Hoplandsgarden. I matrikkelen for 1667 ser vi at det har vore to kverner på Hoplandsgarden. I bekken som renn frå Langevatnet, ligg dei to kvernhusa etter kvarandre, med ein liten høgdeskilnad, slik at begge kvernane nytta den same vassmengda. Det er også mogleg å driva begge kvernene uavhengig av kvarandre. Kring 1900 vart det bygt vassrenner, slok, i stein.
Til Hoplandskvernane kom ein lettast i båt. Men det hende også at ein gjekk ut gjennom marka, med mat til dei som var på kverna og mol. I dag kan du følgja ein merka stig ein halvtimes veg frå Litlelindås ved Fosnstraumen. Begge kvernhusa, med demning og slok, er tekne vare på og sette i god stand.