Kjelstraumen i dag

Kjelstraumen today

Kjelstraumen i dag (Svein Nord).

Kjelstraumen

Reiser du sjøvegen nordover, er det fleire vegar å velja. Dei ulike leiene er omtala i soga, og gjennom mellomalderen aukar ferdsla og nordlandshandelen med fisk og sild, fjør og dun. Ei av dei sentrale leiene går gjennom Kjelstraumen, i sundet mellom Ulvøy og Bakkøy. Her har det vore gjestgjevarstad sidan 1610, med kongeleg bevillingsbrev; ein del av det store nettverket av handels- og gjestgjevarstader langs kysten.

Kjelstraumen er nemnd i kong Sverre si tid. Birkebeinarane sine menn innhenta to av baglarane sine skip på veg til Bergen i 1260. Dei kom i kamp i Kjelstraumen. Det eine skipet rende opp på eit skjer og vart eit lett bytte for jarlen. Det andre skipet kom seg unna til Bergen og melde frå om at fienden var nær. Tradisjonen fortel elles at det var falkestasjon i Kjelstraumen i mellomalderen. Jaktfalken hadde stort verde; han vart gjeven som gåve til kongar og jarlar.

Dei første herberga som er nemde i Nordhordland, er Salhus nord for Bergen og Kvalvågen i Austrheim, kring 1500. Men i 1610 vart gjestgjevarstaden lagd til Kjelstraumen, som var prestegods. Lindåspresten Hans Nilssøn Hess søkte i 1610 til kongen, Christian IV , om stadfesting, etter at lensherren på Bergenhus, Lauritz Kruse, hadde gjeve løyve til å setja opp eit hus i Kjelstraumen, til gagn og beste for vegfarande.

Peder Claussøn Friis fortel i Norrigis Bescrifuelse at det låg eit blindskjer i Kjelstraumen. I 1632 gjekk sju nordlandsjekter på dette skjeret og sokk. I 1877 vart det sprengt vekk.

Økonomisk må gjestgjevarstaden ha stått seg godt. Då den første fattiglova vart sett ut i livet for gamle Lindås prestegjeld i 1756, var det berre ein mann i Lindås som vart rekna mellom dei fornemme: gjestgjevaren i Kjelstraumen, Ole Lagesen. Han laut ut med 10 Rdl. til fattigkommisjonen. I 1799 kjøpte Christopher Kahrs gjestgjevarstaden. Sonen Christ Kahrs løyste borgarbrev som handelsmann i 1812, og det var fast tingstad i mange år, vår og haust. Her vart det dampskipsstoppestad, og det første postopneriet i Austrheim vart lagt hit i 1870.

Den 12. august 1733 var eit kongeleg følgje på veg sørover; Christian VI på Noregsferd. Dei fekk middag på prestegarden i Eivindvik, og om ettermiddagen drog dei til Kjelstraumen.

 

Her fekk dei nye roarar. Det var nok ei ære for bøndene å få skyssa dei kongelege, men det var ikkje alltid slik stas. Bøndene på gardane kringom hadde skyssplikt. Frå gammalt var det såkalla «Tilsigelsesskifte» her; embetsmenn og andre i offentleg ærend hadde rett til å krevja skyss for å koma til neste skifte. Den som var skyssskaffar, hadde plikt til å skaffa forsvarleg skyss. Husmenn og gardbrukarar måtte stilla med båt og rorskarar på «Tilsigelse». Skyssplikta var eit slit og betalinga skral.

 

I dagboka si fortel Fredrik Meltzer om turen som eidsvollsmennene frå Bergen hadde til Riksforsamlinga i 1814:

 

«Den 28. mars. Satte ud fra Fløtmandsbryggen i Dreggen i hofagent Jansons store vengebaad med 2 Tienere, 10 Rorskarer og en Styrmand. Vi ere 5 Reisende: Motzfeldt, Christie, Rein og Rolfsen som ere Representanter fra Bergen By til Rigsforsamlingen på Eidsvold. Dertil kommer jeg ..... Kom til Alverstrømmen kl 3. Drak The og spaserede til Reme­Eiendommen, til fru Kahrs og spiste Aftens, og gik til sengs kl 10.30 ....»

 

Morgonen etter åt dei frukost kl 3.30 og reiste nordover. Truleg skifte dei skyss i Kjelstraumen og kom ut på dagen til Skjerjehamn, der dei overnatta, før dei neste dag heldt fram inn Sognefjorden.

 

«Tilsigelsesskiftet» i Kjelstraumen stod ved lag fram til 1924.

Sjå også

Andre stader i kommunen