Det store gravfeltet på Varberg og Myklatun går tilbake til ei tid då lokalsamfunnet var i sterk utvikling. Garden utvikla seg, åkrane fekk gjerde og tuna fekk fleire og fleire hus. Det er kanskje denne folkeauken som kjem til uttrykk i dei mange gravrøysane og gravfelta i nærleiken av gardane i Eidfjord. Denne tida har også vore ei urotid, og bygdeborga på Varbergshaugen ligg fritt, med vidt utsyn og kontroll over ferdsla i Øvre Eidfjord.