Kjeåsen (Svein Nord)

Kjeåsen

Kjeåsen

Høgt oppe over fjorden, i 600 meters høgd, ligg dei to bruka på Kjeåsen. I dag køyrer du til tuns i bil, gjennom ein ny tunnel som kraftutbyggjarane i Sima har skote ut. Fram til 1974 gjekk den einaste vegen opp den bratte fjellsida, langs jernbolta stigar over svimlande svaberg — ein veg for dei nervesterke. Dette var sambandet med omverda.

Det er ei oppleving å koma opp i det enkle, men velstelte tunet i Kjeåsen — eit nærbilete av det vesle naturalhushaldssamfunnet.  Uvegsamt låg Kjeåsen til, med ein - etter vår målestokk - heilt utruleg strevsam veg til gards, men her er det rike ressursar rett utanfor stovedøra, og jakt, fangst og fiske var hovudnæringa for folket her. Den siste som dreiv, var Helge Åsen. Han er borte i dag, men det er ei rikhaldig samling med fangstutstyr etter han; eit kapittel i soga om å leva og overleva. No bur det folk i Kjeåsen berre i sommarhalvåret.

Lars Osas «Siste reis» 1936 (Egil Korsnes, eigar Hardanger Sparebank).

«Världens ensligaste gård». Det var ein avisreportasje Bror Ekström sine augo fall på, ein sommardag i 1951, på ei badestrand ved den svenske vestkysten, då han og kona Bojan skulle planleggja årets sommarferie. Det var ein reportasje om Kjeåsen:

 

«Høgt där uppe ligger den, som en vit prick mot den lodrätt stupande fjällväggens gråa massiv. 600 meter under den blänker den smaragdgrøna fjorden. Den vita pricken, det är Kieåsen, gården där fyra människor avtvingat naturen så mycket jord och betesmark att de och deras djur kan leva.

 

Hur har de fatt upp allting: byggmaterial till husen, boskapen, alla de tusen sinom tusen ting som behøvs i ett hem? När ingen väg, ingen stig leder dit upp?»

 

Og dermed starta ein moderne «fjellturist»-ekspedisjon til Eidfjord og Kjeåsen for det svenske ekteparet, som omsider fekk sett sine namn i den vidgjetne gjesteboka på Kjeåsen. Turen resulterte i den sjarmerande boka om Folket på Kieåsen; derfor er det langt fleire svenskar enn nordmenn som kjenner «detta ørnerede».

  • Ekström, B. (1958) Folket på Kieåsen. Uddevalla, Bohusläns grafiska.
  • Opedal, H.O. (1981) I skuggen av Hardangerjøkulen: Simadalen og Sysendalen: gardar og folkeminne. Bergen, Norsk bokreidingslag.

Sjå også

Andre stader i kommunen