Naturminnet ligg berre ein kort avstikkar frå europavegen, ned gamlevegen gjennom Haugsdalen. Elveøyra er nok påverka av jordbruket og vassmengdene av kraftreguleringa, men det finst lite forbyggingar som leier elvevatnet, slik det er dei fleste andre stader. Vatnet rår, og elva avgjer sjølv kvar ho skal renna ut i Haugsdalsvågen.
Haugsdalsvågen er naturleg grunn, og vatnet får såleis relativt høg temperatur på solrike dagar. Der elvevatnet strøymer ut, legg ferskvatnet seg oppå det brakke fjordvatnet. Når det flør, trengjer brakkvatnet seg innover, jamvel eit stykke opp i elva. Slike brytingssoner er som oftast biologisk høgproduktive.
Det er mest alltid måsar i dette området. Haugsdalselva og det næringsrike deltaet har òg ein god bestand av strandsnipe. I hekketida kan vi sjå vipe, tjeld og raudstilk. Også flokkar av stokkand samlast i deltaet utanom den mest hektiske hekketida. Nokre par av siland er støtt å sjå, truleg livnærer dei seg på stingsilda. Men aller mest er Haugsdalselva kjend for sjøaurefisket. Elva er mellom dei aller beste sjøaureelvane i fylket. Den mest populære fiskestaden etter sjøauren er likevel i vågen utanfor. Sjøauren har, i motsetning til laksen, så langt greidd seg bra i denne elva, trass i vassdragsregulering og surt vatn.
Dagens elveøyr er den siste i ei lang rekkje delta i området. Fleire flate terrassar i den nedre delen av dalen er restane etter gamle elveøyrar. Gjennom tusentals år har elva frakta sedimentmassar ned gjennom Haugsdalen, massar som til slutt enda opp som delta i fjorden. Etter kvart som landet steig etter istida, vart gamle delta tørrlagde. I neste omgang skar elva seg gjennom dei tørrlagde flatene og tok med seg massar til stadig lågareliggjande delta ut gjennom vågen. Midt i elvemunningen vart det gjerne avsett ein munningsbanke med eitt elvelaup på kvar side, slik som Storholmen i dag.