Sigurd Tanne, som var brukar på 1300-talet, må ha vore ein velståande mann. Forutan jordegodset på Dale, åtte han også gardpartar på Oppheim i Vossestrand og i Evanger. Utover på 1400-talet byrja delar av Dale å koma over i Munkelivsklosteret si eiga. Mot slutten av mellomalderen åtte Munkelivsklosteret 4/7 partar av Dalegarden, bispestolen 2/7 og Apostelkyrkja i Bergen 1/7. Ved reformasjonen vart dette godset drege inn under kongen.
Talet på brukarar heldt seg nokså stabilt frå 1660-1860. Då var det jamt over 9 brukarar i tunet. I 1860-åra auka talet på brukarar til 11, og dette førte til ei innfløkt teigblanding.