Kyrkja på Moster teikna av Johan Meyer i 1897

The church at Moster, as drawn by Johan Meyer in 1897.

Kyrkja på Moster slik ho er teikna av Johan Meyer i 1897 (frå: Nicolaysen, N. (1894-1899) Kunst og haandverk fra Norges fortid. Bind IV. Kristiania, Foreningen til norske fortidsmindesmærkers bevaring.).

Moster gamle kyrkje

STEINKYRKJA PÅ MOSTER

Moster er nemnd som kyrkjestad alt i Olav Tryggvassons tid. Etter sagatradisjonen skal kongen ha grunnlagt den første kyrkja på Moster då han kom dit i 995. Denne bygningen må ha vore ei stavkyrkje. Den kyrkja som står i dag - ei steinkyrkje med skip og smalare, rettavslutta kor - skriv seg truleg frå 1100-talet. I 1874 vart det bygd ny kyrkje på Moster. Då vart gamlekyrkja kjøpt av Fortidsminneforningen, som framleis er eigar.

Kyrkja er bygd dels av hoggen kvaderstein og dels av vanleg brotstein. Vestportalen i skipet og sørportalen i koret er enkel, med rette overliggjarar. Dei opphavlege vindaugsopningane var små og høgtsitjande, med rundboga avslutning. To av desse vindaugo står framleis i kyrkja, men dei andre er utvida til store, rektangulære vindaugo i 1732, med dekorerte ruter. Utvendig har kyrkja ein hoggen steinsokkel med skråfas. Innvendig har korbogen kvadersteinssoklar med hogne profilar. I skipet finn vi framleis delar av mellomalderens veggbenker. Kyrkjerommet er elles prega av 1600-talets interiør; altertavla er frå ca. 1630 og preikestolen frå 1637. Også kyrkjestolane og gallerifronten, med apostelframstillingar, stammar frå 1600-åra.

På veggene i skipet ser vi restar av tidleg renessansemåleri, truleg frå tida kring 1600, medan prydmålinga i koret kan vera frå 1620-åra. Lette, spenstige rankar med frukter omkransar biletfelt med bibelske scener som no er mest utviska. På kyrkjeloftet heng ei mellomalderklokke med ein innrissa St. Olavs-figur og innskrifta "AVE MARIA GRACIA PLENA. DOMINUS TE(C)UM" (Ver helsa Maria, full av nåde. Herren vere med deg). Ei yngre klokke (no i soknekyrkja) har innskrifta "CHRISTO IESU SACRUM HOC DONARIUM EFFERTUR ANTE OMNIA DEUS SIT TIBI CURAE, ANNO 1660". (Denne heilage gåva vert ofra til Jesus Kristus. La framfor alt Gud liggja deg på hjarta).

Grunnriss Moster kyrkje, teikna av Johan Meyer (frå: Nicolaysen, N. (1894-1899) "Kunst og haandverk fra Norges fortid", Bind IV. Kristiania, Foreningen til norske fortidsmindesmærkers bevaring.).

I Snorres kongesoger heiter det i soga om Olav Tryggvason: "No segla Olav aust over havet, og kom til lands ved Moster. Der gjekk han først i land i Noreg, og han let syngje messe der i eit landtelt. Sidan vart det bygt ei kyrkje på denne same staden."

 

I den gamle norske kongesoga Ågrip, skriven kring 1190, står det at Olav heldt det første tinget om kristendomsbodet på Moster i Hordaland, og «der tok heidningane ved trui og Olav ved riket.» Som bodberar for den nye trua sette han inn presten Tangbrand, og gav han bustad og jord.

Mostratinget i 1024, truleg vårt første riksmøte, sette reglar for styringa av kongeriket etter det kristningsverket som Olav Haraldson hadde fullført. Det var kong Olav og biskop Grimkjell som forma ut kristenretten, kanskje etter førebilete frå England; ein avtale mellom kongemakta og kyrkja. Olavs kristenrett vart seinare vedteken av Gulatinget, og Mostratinget er nemnt fire gonger i Gulatingslova. Det første kapitlet i lova kan vera sjølve kristningsvedtaket frå Olav Tryggvasons tid. Det lyder slik, i Knut Robberstads omsetjing:

 

«Det er fyrst i lovene våre at me skal bøygja oss mot aust og beda til den heilage Krist um godt år og fred og um at me må halda landet vårt bygt og ha kongen vår lukkeleg, han skal vera vår ven og me hans vener, og Gud vere ven til oss alle». Kristenretten gav reglar om bygging og vedlikehald av kyrkjer, om presteløner, om helgehald, om giftarmål, om trælehald og mange andre ting. I ei av kongesogene står det at Olav den Heilage, med råd av biskop Grimkjell, gav jordegods og inntekter til fylkeskyrkjene. Til kvar av dei kyrkjene Olav Tryggvason hadde late byggja, gav Olav Haraldsson så mykje jordegods at det tilsvara ei mark sølv.

  • Robberstad, K. (1973) Gamlakyrkjo: den gamle kyrkja på Moster i Sunnhordland. Oslo.
  • Sinding-Larsen, E. (1969) Moster kirke i Sunnhordland. I: Foreningen til norske fortidsminnesmerkers bevaring, Årbok. Oslo, Foreningen, s. 90-93.

Sjå også

Andre stader i kommunen