Den gamle kløvstien med 1500 trappetrinn i Måbøberget er feilaktig kalla «Måbøgaldane». «Gald» er ikkje noko tradisjonelt ord i hardingmålet, men finst derimot på Austlandet og er etter ekspertar si meining innlånt i namnet. I ordlista har det m.a. tydinga «bratt kleiv». Den eldste delen av befolkninga seier «træppuna i bærje» om Måbøgaldane.
Tymberløypet starta ved Måbø gard. Derifrå gjekk vegen austover til den første svingen på gamle riksveg 7, der denne tok opp eit lite gjel. Tymberløypet gjekk så på vestsida av Bjoreia opp til Måbøvatnet og vidare langs vatnet fram til innløpsosen, der vegen kryssa Bjoreia. Like aust for Storagilsneset ligg ruinane etter eit stort hus. Herifrå hadde Tymberløypet ei stigning opp mot Høl, først oppover i fleire slyngar, deretter nokolunde rett fram bort til steinura like nedanfor det øvste utløpet til den gamle Dahlbergtunnelen. Så kom nye slyngar oppover, før vegen heldt fram innover mot Høl. Delar av vegen kan sjåast på oppsida av riksveg 7.
Frå staden der Tymberløypet gjekk rett fram, hadde Storagilsvegen startpunktet sitt. På si ferd til topps kryssa Storagilsvegen gamle riksveg 7 like før første og mellom tredje og fjerde slyng. Vegen ville passert like ved det nedste utløpet til Dahlbergtunnelen
Både frå Tveito og Måbø gjekk det vegar opp Kyrkjeskori, først som to skilde vegar, deretter gjekk dei saman i ura nord for Høgdene. På Måbø finn ein starten på vegen i Kyrkjeskori like nedanfor den vesle tunnelen på gamlevegen. Kyrkjeskori vart også brukt som drifteveg. I 1880, då det var stor flaum i Måbødalen, og alle bruene vart øydelagde, måtte Lars O. Garen fare med driftefeet sitt opp gjennom Kyrkjeskori.
Turistvegen inn til Vøringsfossen stod ferdig i 1872. Han vart bygd av Den Norske Turistforening, som på generalforsamlinga i 1870 løyvde 150 spesidalar til å setja i gang arbeidet. Trass fleire løyvingar – også frå private – hadde sluttrekneskapen ein underbalanse på 266 spesidalar.
Gamle riksveg 7 var ferdig opp til Garen i 1916. I byrjinga var det karjolane som rådde grunnen. Ikkje før i 1930 køyrde den første bilen opp gamlevegen. Den nye riksveg 7 vart opna i 1986. Vil du oppleva den gamle vegen, så ligg han der framleis, no som gang- og sykkelsti.