One of the houses in the old Øystese hamlet, a smokehouse from the 1700s, joined to store, loft and shed, was measured out by Gerhard Fischer in 1915. It is this house that stands in the row at Storeteigen today, together with a “kraata-stova” - decorated house - and a storehouse on stilts from Vavollen. The house from Øystese hamlet was for many years on Stopulshaugen as a rural museum, before the museum was moved to Storeteigen. This is a small smallholding from the end of the 1700s, with dwelling house and hayshed built together. The joined buildings from Øystese show an interesting variant; dwelling house and shed, with slate-covered shed and covered passageway, gathered under the same roof. At Storeteigen we also find one of the oldest furniture workshops in Kvam.
Øystese - Kvam rural museum
KVAM RURAL MUSEUM
Krotaborden i Vavollstova er måla opp att etter eldre originalmønster.
«Kroting» av røykstovene er ein dekortradisjon som har mellomalderlege røter. Med kritvelling og mursteinsraudt teikna «krotakonene» opp vakre geometriske mønsterbordar på tømmeret – når stovene vart pynta til bryllaup og dei store høgtidene.
Utover på bøane i Øystese, i Steinsdalen, på Aksnes og mange andre stader står enkle stavbygningar som opne, grindbygde hus. Troskykkjer vert dei kalla, og namnet kjem av at desse bygningane vart nytta til å lagra hesjestaur, troer, ute på slåttebøane mellom kvar onn. Dei same enkle grindverksbygningane finn vi også som båtskykkjer og som «skogaløer» på Kvamskogen, eller Steinsskogen som namnet var i eldre tid.
Det er stavbygningen i si «urform» vi møter her, ein forhistorisk bygningstradisjon opp i vår tid. Etter det vi veit i dag, har denne konstruksjonstypen vore i bruk i Vest-Noreg heilt frå bronsealderen og fram til 1900-talet. Eit stavpar med tversgåande bjelke, «beten», utgjer ei «grind». Bygde med øks, sag og navar, ofte av stadfunne materialar, representerer desse bygningane ein «økologisk» byggjeskikk. Det er eit stort kapittel i norsk bygningshistorie vi legg bak oss når desse bygningane går ut or bruk. Kvifor det er så mange att av desse troskykkjene på bøane i Kvam, er eit ope spørsmål. Dette er ein byggjemåte som har vore utbreidd i alle bygdene i Hordaland. Dei siste stavløene av grindverkstypen vart bygde på Osterøy så seint som i 1950-åra.