Helleristningane på Helgaberget (Svein Nord).

Rock inscriptions at Helgaberget.

Helleristningane på Helgaberget (Svein Nord).

Helgaberget

Helgaberget - det heilage berget - er ein liten bergknaus som løftar seg nokre få meter opp over terrasseflata på Støle. Bergflata er oversådd av helleristningsfigurar og har etter alt å dømma vore ein kultstad i bronsealderen. Namnet kan tyda på at tradisjonen om heilagdomen kan ha halde seg gjennom nære på 3000 år.

Helleristningane på Helgaberget høyrer til bonden sin kulturkrins og er av det slaget vi kallar jordbruksristningar. Det er ringfigurar og skålgroper som dominerer på bergflata på Helgaberget. Her finst ikkje skipsfigurar, som elles er så vanlege på jordbruksristningar i Hordaland, også i Etne. Heller ikkje finst her teikningar av fotsolar, menneske eller dyr. Kva årsakene til slike skilnader i val av motiv måtte vera, har vi ingen sikker kunnskap om.

På Helgaberget er det skålgropene som dominerer: runde, små skål- eller gryteforma groper, frå 3-4 til 10 cm i tverrmål. Minst 270 stykke er påviste til no. I tillegg kjem somme som tykkjest høyra til ringfigursymbol.

Her er 23 ringfigurar av ymse slag. Somme av dei har eiker som i eit hjul, andre er hogne som fleire konsentriske sirklar inni kvarandre, med ei skålgrop i midten. Her er også kring 20 ovale eller U-forma figurar.

Helgaberget ligg midt inne i eit uvanleg rikt funnmiljø frå bronsealderen, etter vestnorsk målestokk. Her har vore fleire gravhaugar, og nokre få hundre meter nordaust for ristningane vart ein kostesam bronsehalsring funnen.

Bygda Etne er rik på fornminne. Her finst gravhaugar, bygde borger og bergbilete. Treet er eit uvanleg motiv på helleristningar i Noreg, men vi finn det på Bruteigsteinen – eit særs rikt og variert figurfelt. Ristningane vert daterte til bronsealderen. (Egil Korsnes)

Inga bygd i Hordaland har så mange helleristningsfelt som Etne.

 

Somme av felta har berre skålgroper, andre kan også ha motiv av ulikt slag. Skip, ringfigurar og fotsole-liknande figurar er dei vanlegaste. På biletfelta i Etne finst elles menneskefigurar, dyr, tre, øksar og ymse andre motiv representerte.

 

Vi kallar dei jordbruksristningar, av di funntilhøva tyder på at slike motivgrupper høyrde heime i ein kulturkrins prega av jordbruksnæring. Ein meiner desse ristningane er synlege minne om kultiske og rituelle handlingar som i stort mon har krinsa kring grøderikdom og liv. Dei kan daterast til bronsealderen (1800-500 f.Kr.).

Skålgropene er det vanlegaste motivet: runde, skål- eller gryteforma groper, med tverrmål frå 2-3 og opptil vel 10 cm.

 

Skipsfigurane er oftast sterkt stiliserte, men det kan likevel tenkjast at dei gjev eit visst inntrykk av korleis bronsealderskipa såg ut.

 

Ringfigurane kan ha ulik utforming, frå enkel sirkel til fleire sirklar inni kvarandre. Somme har «eiker» som i eit hjul eller som i ein kross og vert gjerne kalla «hjulkross» eller «solkross». «Fotsolane» er ofte hogne som eit par og er teikna med enkel konturline.

 

På dei glatte bergflatene ovanfor vegen på Fjøsnaneset er det fleire figurfelt. Her finst både båtar, ringfigurar og fotsolar, men få skålgroper.

 

På Dynjahaugen på Fitja og på Duesteinen på Vinja er det ringfigurar, den siste har også mange groper. Bruteigsteinen på Flote har det mest varierte biletfeltet i Etne med ringfigurar av fleire slag: skip, menneske, dyr, tre, øksar, lurar, fotsolar, spiralar, ovalfigurar og skålgroper. Flest figurar, om ein reknar gropene med, har Helgaberget på Støle.

Sjå også

Andre stader i kommunen