Haugatun, Strandebarm ungdomhus (Svein Nord).

Haugatun, Strandebarm Youth Association’s hall

Haugatun

Like ved riksvegen på Bru ligg eit stort, velproporsjonert bygg med klassiske trekk; av storleik mest som ei kyrkje å sjå til, med våpenhus og takryttar, men utan tårn. Det er Haugatun, Strandebarm ungdomhus; teikna av arkitekt Torgeir Alvsaker i 1927 og ferdig i 1929.

Mellomkrigstida var ein rik periode for ungdomslagsrørsla, og mange ungdomslag bygde seg eigne store og flotte hus i denne tida. Berre i Hardanger vart det i perioden 1925-40 bygt 8 ungdomshus, teikna av Torgeir Alvsaker. Felles for alle er ei langstrekt og høgreist form, bratt, skifertekt med svai saltak og ein liten takryttar, inngang i gavlen under eit lågare tak og eit kort, høgreist tverrbygg i andre enden; ein «basilika»-modell.

Alvsaker sine ungdomshus må karakteriserast som nyklassiske med nasjonale overtonar; eit klart uttrykk for ungdomslagsrørsla sin nasjonale ideologi. Også Johan Lindstrøm og Magnus Dagestad på Voss teikna fleire nyklassiske ungdomshus, som vart modell for byggmeisterutforma ungdomshus andre stader.

Som eit framifrå eksempel på nyklassisistisk arkitektur er Haugatun freda.

Sjå også

Andre stader i kommunen