Botnagrenda (foto: Helge Sunde).

Botnagrenda

Botnagrenda (Helge Sunde).

Botnen

Fyksesundet og Botnagrenda gjev ei fin oppleving av landskap og kulturhistorie; eit geografisk avstengt lokalsamfunn med vid kulturkontakt til omverda.

I Botnagrenda inst i Fyksesundet – i dag eit fråflytta lokalsamfunn – ligg eitt av dei mest autentiske og verneverdige kulturlandskap i Hordaland, slik det var på slutten av 1800-tallet. Eit livskraftig lokalsamfunn var det her inne i den veglause grenda, og eitt av dei første ungdomslaga i Hordaland vart skipa her inne. På den brattlendte garden Skåro, halvveges ute i Fyksesundet budde også dugande folk: To brør av eit stort syskenlag vart ordførarar og stortingsmenn: Geirmund (1851-54) og Nils (1871-85). Ein tredje bror, Johannes, vart biskop i Nidaros i 1892. Son til Nils, Nils Nilsen Skaar, var også stortingsmann (1910-24).  Einebuaren Jon J. Skaar  som døydde i 2013 var den siste  bonden på Skåro. 

I ein av dei første årgangane av Bergens Adressecontoirs Efterretninger; i året 1766, finn vi eit innlegg om «Fiol-Mageriet i Vigøers Præstegield». Det er dei særmerkte felene til Isak Botnen (1663–1759) og sonen Trond Botnen (1713–72) innsendaren skriv om – «hardingfela» – og om dei haghendte bøndene i Vikøy. Innsendaren, signaturen «M», er truleg Even Meldal, «personel kapellan til Vigøer» 1757–59. I sin «Beskrivelse over Hardanger og een Deel af Søndhordland – » skriv han:

 

«I dette Kald ere Indbyggerne særdeles Hændige thi her findes de bedste Fiol-Magere, Kamme-Magere. Snedkere, Dreyere, Alle slags Smede indtil Gullsmede ...»

 

Den som i særleg grad fanga interessa hans, var den fremste felebyggjaren i samtida, Trond Botnen. Inst inne i botnen av Fyksesundet, i den vesle Botnagrenda, budde desse dyktige handverkarane, som for all tid har fått namnet sitt knytt til hardingfela; nasjonalinstrumentet i den norske folkemusikken.

 

Den eldste kjende fela er datert til 1651 og skal vera laga av Ole Jonsson Jåstad (f. 1621) frå Ullensvang. «Botnafelene» utgjer likevel kjernen i denne utsøkte handverksproduksjonen på 1700-talet, som vart spreidd også til andre bygdelag gjennom marknadene på Kongsberg og i Lærdal.

  • Bjørndal, A. (1952) Nasjonalinstrumentet hardingfela 1651-1951. I: Norsk folkemusikk. Bergen, s. 33-92.
  • Velure, J. (1973) Felemakarar i Hardanger. I: Brattebø, L. & Kvestad, J. Hardanger spelemannslag 25 år: 1948-1973. S. 48-56.

Sjå også

Andre stader i kommunen