Runegranskaren, professor Carl Marstrander, tolka innskrifta og daterte henne til 400-talet eller første del av 500-talet e.Kr. I ei språkdrakt noko nærare vårt mål skulle ho lyda: «eg, Wagigar, agilamunda sin irilar».
Den som talar, heiter Wagigar. Han kallar seg «irilar», eit ord vi kjenner frå fleire andre nordiske runeinnskrifter. Ein meiner det har tydinga «runemeister» – den som var runekyndig. Wagigar var i teneste hjå agilamunda – ei kvinne, og var hennar irilar. Ho har tydeleg stått høgare på rangstigen enn han, sjølv om det var han som meistra runekunsten.
Steinen kjem truleg frå ei grav her ein stad, og vart rekna som høveleg byggjevyrke då låvemuren vart oppsett i slutten av 1820-åra. Lite visste vel murarane at steinen gjev oss namna på to av dei som budde i bygda halvtanna tusen år før.
Rosselandssteinen står i dag på Universitetsmuseet i Bergen.