Båtbyggar Magnus Trå prøvar stabiliteten på den nybygde færingen (ukjend, eigar: Kvam kulturkontor).

Boat builder Magnus Trå tests the stability of the newly built four-ored boa

Båtbyggar Magnus Trå prøvar stabiliteten på den nybygde færingen (ukjend, eigar: Kvam kulturkontor).

Strandebarm

BÅTBYGGING I STRANDEBARM

Attåtnæring i tillegg til gardsdrifta har lange tradisjonar i Strandebarm, og handverksnæringane har stått sterkt i dei fleste bygdene. Den viktigaste har truleg vore båtbygginga, som har gjort bygda kjend over heile landet.

Fartøybygginga og båtbygginga i området heng truleg saman med rik tilgang på byggjevyrke. I Strandebarm var det gode skogsbygder på 1500- og 1600-talet, og dei eldste sagbruka er nemnde i 1563. Det er lite som har endra seg når det gjeld byggjemåten for tradisjonelle småbåtar frå vikingtida til i dag. Eit prov for desse tradisjonane er dei mange båtgravene arkeologane har funne på Vestlandet. Dette viser ein tusenårig tradisjon for denne byggjemåten i regionen. «Strandebarmaren», som vart eit vidkjent produkt frå desse bygdene på 1900-talet, er ein litt kraftigare småbåt enn «oselvaren», med smalare bordgangar.

I mellomkrigstida var det mellom 100 og 130 båtbyggjarar i Strandebarm. Desse utgjorde om lag ein fjerdepart av yrkesaktive menn i kommunen. I einskilde folketeljingskrinsar utgjorde båtbyggjarane over halvparten av dei yrkesaktive. Dette var tilfelle på Omastrand i 1930. Det var i dette båtbyggjarmiljøet at Fjellstrand Båtbyggeri vart etablert i ei krisetid og voks raskt utover i 1930-åra. Det starta med produksjon av småbåtar og motorbåtar og heldt fram i midten av 1930-åra med serieproduksjon av livbåtar; mellom dei første i landet. I etterkrigstida utvikla båtbyggjeriet seg til ei storbedrift, og er i dag ei leiande verksemd når det gjeld produksjon av snøggbåtar og supplybåtar i aluminium og stål.

Sjå også

Andre stader i kommunen