Seismisk bilete av georadar-dataen tatt frå nord til sør.

Rekvesøyane

Rekvesøyane er eit vifteforma utspring mot Vangsvatnet, som i 2018 vart undersøkt med georadar. Resultata frå denne undersøkinga tyder på at dette er ei vifteforma delta-avsetting bygd opp av skråstilte lag med flatliggande topp og botnlag.

Store delar av Rekvesøyane består av dyrka mark og ein må difor anta at overflata har vorte kraftig utjamna slik at opphavelege geologiske trekk er fjerna. Difor vart avsettinga undersøkt med georadar, slik at ein kan få eit bilete av kva avsettingane på Rekvesøyane består av. Elektromagnetiske pulsar vert sendt ut frå ei antenne og plukka opp av mottakarar som operatøren av georadaren drar med seg. Operatøren går dermed over området i eit rutenett slik at ein får bilete av avsettingane som står vinkelrett på kvarandre.

Det seismiske biletet viser eit profil frå nord til sør, og frå dette har geologar tolka avsettinga til å vere eit glasifluvialt delta. Eit delta er ei vifteforma elveavsetning danna der elver går ut i hav eller innsjøar. Elva som fraktar med seg materiale vil då treffe eit meir stilleståande vatn og miste si transportevne slik at materialet vil bli avsett. Dette gir deltaet si klassiske oppbygning med flate botnlag, følgt av skråstilte lag når materiale frakta med elva blir avsett på kanten av avsettinga og rullar ned, og flate topplag som vert bygd opp til vatnnivå. På deltasletta vil elvekanalar erodere i underlaget, og desse kanalane kan sjåast som u-forma søkk i seismikken.

Grunnen til at ein antek dette er eit glasifluvialt delta, altså at materiale stammar frå smeltevasselver frå ein bre, er den geologiske historia til området. Rekvesøyane ligg ved munningen av Dyrvedalen og når isen trakk seg tilbake etter siste istid vil det truleg ha låge ein bre i denne dalen. Smeltevatnet frå denne breen vil nok ha inneheldt større mengder sediment frå breens erosjon av underlaget, og dette har då vorte avsett i Vangsvatnet.

Ein georadar (GPR – Ground Penetrating Radar) er eit geofysisk instrument som nyttar elektromagnetiske pulsar til å undersøke lagdeling og strukturar i grunnen. Ei spesiell antenne sender elektromagnetiske bølgjepulsar ned i jorda, og ein del av denne energien blir reflektert tilbake til overflata når pulsen treff ei grense som representerer endringar i mediets eigenskapar. Dette signalet overførast til ei datamaskin og ein får eit diagram der endringar er vist som avstand mot tovegs-gangtid, altså tida det tar for signalet å gå ned til laggrensa og opp til overflata igjen. Denne tovegs-gangtida kan omdannast til djup om bølgjehastigheita i undergrunnen er kjent. Georadar nyttas både innan geologi, arkeologi og i byggjebransjen.

Andre stader i kommunen