Mølstertunet i mellomkrigstida

The Mølster farm in the interim war period.

Mølstertunet i mellomkrigstida (Sanns. Christian Hermann Neupert. Ark nr. B 280, R.A.)

Mølster

«Over den gamle Vossevangen ligger Mølster gamle ættegaard. Den ligger paa et høidedrag som en ættegaard skal ligge. Det er som tilfældet har villet gjøre noget ut av denne gaard med den herlige beliggenhet. For det maa vel sies at være et tilfælde, at netop denne gaard helt til vore dage har bevaret sit gamle præg. At komme op til Mølster er som at gaa ned i fortiden, at møte med forfædrene. Stuer og loft, stabbur og badstue, fjøs og stald, det staar der med hele sit eventyrlige præg, som kom vi ind paa et gammelt kongstun. Ikke fra sagatiden, men fra en mere stilfærdig tid, fra den tid da landet rolig og dæmpet atter samlet sig til kræfter. Og Mølster ligger som en mindernes gaard fra denne tid». Slik skildra riksantikvar Harry Fett det gamle tunet på Mølster då det vart opna som museum i 1928.

Dei to bruka høyrde til Botolv Mølster og Arnfinn Ringheim i 1917, då museet overtok det gamle fellestunet. Bygningane formar eit firkanttun, og stovehusa ligg i rekkje, samanhengjande for kvart bruk. Eldhuset på bruket til Botolv er truleg frå 1500-talet; ei gammal årestove, bygd saman med ei yngre stove frå 1800-talet. Mange spor i tradisjonen talar for at det har stått ei eldre stove på same tuft tidlegare. Attåt eldhuset ligg ei lita bu. Dette trekket med innhusa på rekkje – eldhus, stove og bu – finn vi i mange eldre vossatun. Truleg er dette ein mellomaldertradisjon. Fremst i tunet, ut mot Vangen, ligg loft og stabbur, og mot aust ligg løe og flor. Frå tunet på oppsida førte ei steinmurt geil som leidde buskapen ut på beite; eit anlegg som fører oss bakover til forhistorisk tid.

Mølstertunet (Svein Nord).

Snitt av stovehuset, 1911 (Gerhard Fischer).

Interiør frå årestova (Egil Korsnes).

Voss folkemuseum er i den sjeldne situasjonen at dei bygningshistoriske samlingane er representerte av tre gardstun som står på sine gamle tufter; Mølster, Nesheim og Oppheim gamle prestegard. Alt i 1906 hadde Fortidsminneforeningen teke opp tanken om vern av det gamle tunet på Mølstergarden med bygdehistorikaren Lars Kindem. Då utskiftinga tok til i 1917, stilte Lars Kindem seg i brodden for arbeidet med å sikra dei gamle bygningane gjennom avtalar med dei to brukarane – ei verneform som var mange år føre si tid. I 1927 hadde brukarane på Mølster fått bygt seg nye hus og flytta ut or gamletunet, og i 1928 kunne museet offisielt opnast. Då hadde samlingane 4000 nummer; i tillegg kom samlingane i Finnesloftet. I 1970 overtok museet Nesheimstunet og i 1976 Oppheim gamle prestegard i tidlegare Vossestrand kommune. I 1982 vart det nye eldfaste museumsbygget på Mølster opna.

  • Fischer, G. (1911) Mølster gaard, Voss. I: Foreningen til norske fortidsminnesmerkers bevaring, Årbok. Oslo, Foreningen, s. 109-118.
  • Helleve, A. T. (1992) Voss Folkemuseum 75 år. I: Gamalt frå Voss. Voss, Voss bygdeboknemnd, Voss sogelag, Voss folkemuseum, s. 9-52.

Sjå også

Andre stader i kommunen