Med eit naturleg nedbørsfelt på nær 1500 km² er Vosso òg det mest omfangsrike vassdraget i Hordaland. Nedbørsfeltet er auka kunstig ved overføringar frå øvre delar av Steinslands- og Eksovassdraga. Det meste av overføringane skjer via Evanger kraftverk. Som følgje av kraftutbygginga er nedbørsfeltet til Vosso utvida til vel 1600 km².
Vassføringa ut av Vangsvatnet blir registrert på målestasjonen på Bulken. Dette er ein av dei eldste målestasjonane i landet i eit tilnærma uregulert vassdrag – stasjonen ligg ovanfor vassoverføringane frå utbygginga, og er såleis ikkje påverka av dei. Stasjonen har ein ubroten måleserie sidan 1891. Data herfrå har vore nytta i mange samanhengar, til dømes som typevassdrag for utrekning av variasjonar i vassføringa som følgje av eventuelle klimaendringar. Også vasstemperaturen i Vosso blir målt fleire stader.
I perioden 1961–90 auka årsmiddelvassføringa ved Bulken med 13 prosent samanlikna med avrenninga i dei føregåande 30 åra. Tilveksten har vore størst i haustmånadene. Det samsvarar godt med auken i målt nedbør, som òg har vore størst om hausten. Denne auka vassføringa heldt seg utover første del av 1990-åra, men i 1996 kom det tørraste året sidan 1960. Vassføringa dette året var litt under 1/3 av det som vart målt i det våtaste året (1990). Sidan 2000 har aukinga i årsmiddelvassføringa vore mindre enn på 1990-talet.