Tunet på Staup. Bilete frå kring 1990

The farmyard at Staup. Image from around 1990

Tunet på Staup. Bilete frå kring 1990 (foto: Egil Korsnes, eigar: Voss Folkemuseum).

Staup

SMEDANE PÅ STAUP

Garden Staup ligg på ei hylle i lendet ovanfor Løno. Frå E 16 kan ein skimta husa mellom tregreinene. Garden er veglaus, og det gamle tunet og kulturlandskapet kring er mykje godt uskipla. I 1980-åra vart det sett i gang vedlikehaldsarbeid med tanke på vern av husa i tunet.

Smedkunsten stod høgt på Voss i eldre tid. På Staup budde fleire som merkte seg ut som særs dugande smedar. Per Larsson, f. 1760, var ein meister til å laga låsar og beslag til kister. Vossekistene var ofte umåla, smijernsbeslaga vart såleis viktigaste prydnaden på kista. Anders Eiriksson (1822-1891) smidde mykje dørlås til innstemming i dørbladet, men også andre dørlås og kistelås. Broren, Arnfinn Eiriksson (1824-1897) var òg ein uvanleg flink låsesmed. Han gjorde sjølve smiarbeidet så nøye at det vart lite arbeid med å fila låsdelane. Av ein gudbrandsdøl dei kalla «Maskin-Hans» lærte dei to brørne å laga treskjemaskiner som vart drivne av vasshjul, og dei bygde seinare mange slike kring i bygda. På Blikberget, nabobruket til Staup, budde Odd Knutsson (1835-1907); også ein kjend låsesmed.

Kunsten å vinna ut jern av myrmalm er gammal. I Vossebygdene finst det mange stader i fjellet slaggklumpar etter smeltinga, og stadnamn som Jenngruehaugen og Blæstermyrane fortel om den gamle jernvinna. Det som er funne til denne tid, tyder likevel ikkje på slik stordrift som i Trøndelag og på Hardangervidda. Prøver av kolrestar frå ein slaggdunge på stølen Brileset på Voss er daterte til tida kring Kristi fødsel, så denne verksemda har høyrt heime i den tidlegaste bolken av jernvinne i landet vårt.

 

I 1768 skreiv presten Even Meldal ein artikkel til Bergens Adressecontoirs Efterretninger om myrmalmsmeltinga på Voss. Der fortel han om Olav Botolvsson Sundve som hadde teke opp att den gamle jernvinna. På Meldal si tid var det særleg i Myrkdalen dei dreiv med jernblåster. Der var det rikeleg med myrmalm tett ved gardane, slik at drifta lønte seg, og «nesten enhver Gaardbruger havde derfor sine Smeltegruber,» skriv Meldal.

Lås i jern (Egil Korsnes, eigar: Voss Folkemuseum).

Sjå også

Andre stader i kommunen