Vasstanden under flaumen i 1604

Under flaumen i 1604 sto vatnet i Vangsvatnet heilt opp til kyrkjeveggen, som i dag er om lag ti meter høgare enn maksimal gjennomsnittleg vasstand. Dette er den største flaumen som nokon gang er blitt registrert i området.

Vangsvatnet

Voss er eit meget flaumutsatt område med tanke på at Vangsvatnet drenerer nedbør og smeltevatn frå flere kjelder. Dette kjem av at dalføret i hovuddalen fungerer som eit tilknytningspunkt for mindre dalar i fjellterrenget. No har det blitt mogleg å ta i bruk kjerneprøver av innsjøsediment i Vangsvatnet til å kartleggje historiske flom-episodar i dalen.

Geografisk område

Vangsvatnet ligg like ved Vossavangen i Voss kommune. Vatnet ligger i eit stort dalføre der fleire støttedalar ligg i tilknyting til denne hovuddalen, der Vangsvatnet drenerer dei omkringliggande vassdraga. Støttedalane er tilknytt store fjellområde, som medfører stor vassføring i elvene under dreneringa av smeltevatn frå snøsmelting om våren , samt drenering av regnvatn i samtlege årstider.
Vangsvatnet ligg 45 m.oh. og har eit areal på 7,65 kvadratkilometer (NVE, 2018). Vassdraget som går gjennom innsjøen er Vossovassdraget. Utlaupet frå Vangsvatnet ligg på vestsida av vatnet, og er relativt grunt og smalt, sjølv om det i seinare tid har vorte utbetra med tanke på både djupne og breidde. På grunn av det store dreneringsarealet og den smale utløpselva, er vatnet særskilt utsett for flaum. På Vangsvatnets austlege margin ligg Vossavangen. Relieffet mellom Vangsvatnet under vanleg vasstand og Vossavangen er låg, noko ein kan sjå ut frå flaumoversikta på figur 1, der vasstanden (i m.oh.) er knytt opp mot ulike stadar på Vossavangen. Flaumfaren kombinert med den låge relieffen gjer at Vossavangen er utsett for flaumskadar under flauming av Vangsvatnet.
Opp gjennom historia har det vore fleire store flaumingar av Vangsvatnet, og ei oversikt over desse er vist på figur 1. Den siste store flauminga skjedde 28-29. oktober 2014, då vasshøgda steig til 51,3 m.oh. Flaumen blir betrakta som ein 50-års flaum, og førte til skadar på fleire bygningar på Vossavangen, sjølv om det har blitt gjort fleire tiltak for å forhindre flauming av bebyggelsen ved denne typen flaumar. Dei råka bygningane er vist på figur 2.

Rekonstruksjon av historiske flaumar ved hjelp av innsjøsediment

Basert på undersøkingar frå kjerneprøver av innsjøsediment tatt frå Vangsvatnet, har ein kunne rekonstruere tidligare flaumar som har prega Voss omegn gjennom fleire århundrer. Den eldste flaumen som er datert ved hjelp av innsjøsediment strekk seg tilbake til 1604 og reknast for å vere den største flaumen som har prega området, med ein maksimal vassføring på opp til 900 kubikkmeter per sekund og tilhøyrande vasstand innrissa på kyrkjeveggen i sentrum (ekskursjon og feltguide).

Ettersom dei finaste sedimentfraksjonane fraktast -og transportast lengst ut til dei dypaste delane av innsjøen, vil grovkorna lag innad i kjerneprøva som skiller seg fra bakgrunnssedimentasjonen indikere periodar der vassføringa og Vossos transportemne har vert stor. Relativt varme periodar med mykje nedbør og avrenning frå isbrear har resultert i høgenergiske elveløp med stor vassføring og auka transportemne av større kornstørrelsar. Innsjøsediment har dermed blitt ein avgjerande faktor for rekonstruksjon av tidlegare flaum -og skredhendingar ved hjelp av vitenskapeleg verktøy som XRF (X-ray Fluorescence). Det er derimot viktig at sedimentbassenget ein hentar kjerneprøva ut frå ikkje ligg for nært eller for langt frå innløpet til innsjøen, for å unngå at allereie avsette sediment ikkje blir remobilisert slik at sedimentasjonen får eit kontinuerleg løp utan betydningsfulle forstyrringar. (Fjellheim, 2018)

Ein kan òg bestemme mogleg flaumlag basert på farge av dei ulike laga i kjerneprøva. Flaumlag indikerast og gjenkjennast ved at dei inneheld meir minerogent materiale samanlikna med bakgrunnssedimentasjonen, og er derav lysare på fargen. Avhengig av kjeldeområde kan flaum òg tilføre store mengder organisk materiale (terrestriske mikrofossilar) til innsjøen som gjenspeglast av ein karakteristisk mørk farge i kjerneprøva.

  • 20-års flaum: Flaum som har eit sannsynleg gjentaksintervall på 20 år.
  • 50-års flaum: Flaum med sannsynleg gjentaksintervall på 50 år.
  • 100-års flaum: Flaum med eit sannsynleg gjentaksintervall på 100 år.
  • 1000-års flaum: Flaum som har sannsynleg gjentaksintervall på 1000 år.

Dette betyr ikkje at ein flaum med desse indikasjonane vil førekomme i slike periodar. Til dømes kan ein 50-års flaum førekomme 2 år etter kvarandre.

  • Fjellheim, H. (2018). Rekonstruksjon av flommer i Vossovassdraget de siste tusen år (Masteroppgave). Bergen: UiB.
  • Holmqvist, E. (2015, 06). Flomberegning for Vosso (062.Z). Norges vassdrags- og energidirektorat. Henta 11 22, 2018 frå Norges vassdrags- og energidirektorat: http://publikasjoner.nve.no/rapport/2015/rapport2015_56.pdf

 

  • NVE. (2018, 11 23). NVE Atlas. Henta frå Norges vassdrags- og energidirektorat: https://atlas.nve.no/html5Viewer/?viewer=nveatlas

Andre stader i kommunen