Innhusa på Oppheim ligg i ei lang, samanhengjande rekkje; skykkje, eldhus, stove og bu med loft. Mellom eldhuset og stova er det ein gang, og langs framsida har det vore ein delvis open svalgang. Den funksjonsdelte forma vi møter i dette anlegget, samsvarar nokså nøye med andre samanbygde langhus ute mot kysten, i lyngheilandskapet. Høgst sannsynleg er det mellomalderens byggjeskikk som stig fram for oss her.
Oppheim
I bakkehallet ovanfor Oppheim kyrkje ligg den gamle prestegarden på Oppheim. Ruslar du opp vegen frå kyrkja, kjem du opp i eit tun med spor etter mellomalderens byggjemåte og bustadform.
Røykstova – bustaden gjennom tusen år – har ein open eldstad der røyken kjem fritt ut i rommet og går ut gjennom ein ljore i mønet. I gammal tid hadde dei fleste av desse stovene ein åre midt på golvet, medan andre hadde røykomn i eine hjørnet som eldstad.
Røykstova var det einaste huset som vart oppvarma på garden om vinteren. I årestova sat folk kring den opne elden, som vart nytta til lys, til oppvarming og til å koka mat. Her benka dei seg rundt langbordet ved måltida. I gammal tid sov folk på moldbenker langs veggene. Det var breie benker som var fylte med tørr mold eller sand.
Til å hengja kjelen over åren nytta dei ein «galge» som var festa til veggen; ei såkalla sveiv eller gøye. I andre stover hadde dei ein fast stokk over åren, ein randås, til same bruk. På åren hadde dei eld det meste av døgeret, medan røykomnen vart fyrt opp kvar kveld og morgon og fungerte som eit varmemagasin.